– Han får prisen for arbeidet med å fornye tenkinga om ein gyldig og framtidsretta opplæringspolitikk for nynorsk, og for slitesterk evne til å halde oppe nynorsk som eit smidig språk for tenking, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving.

Følg smp.no på Facebook

Prisen på 100.000 kroner blir delt ut under opninga av Dei nynorske festspela ved Ivar Aasen-tunet 27. juni.

– Språkpolitisk kritikk

– Gunnar Skirbekk har stilt dei gode spørsmåla og argumentert tungt for kva slags skule landet treng og kva slags norskfag skulen treng. Å gi han prisen er ein språkpolitisk kritikk av den nye læreplanen i norsk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Skirbekk seier sjølv at nynorsk er viktig for å skjøne kva landet går ut på - både språkleg og kulturelt - og for å skjøne kvar ein er i tid og rom.

– For hundre år sidan meinte mektigeprofessorar i Christiania at det nye norske språket aldri kunne nyttast tilvitskap og filosofisk tenking. I dag veit vi betre. Det er ein ekstra grunn tilå feire Ivar Aasen og Språkåret no i 2013, seier Skirbekk.

Utgivingar på 16 språk

Gunnar Skirbekk er fødd 11. april 1937 påHamar. I 1962 blei han hjelpelærar ved Filosofiskinstitutt ved Universitetet i Bergen, vart fast tilsett to år seinare, og varder, frå 1979 som professor, til han gjekk av i 2005.

Skirbekk stod sentralt i opprettinga avSenter for vitskapsteori i Bergen og har skrive ei lærebok i filosofihistoriesaman med Nils Gilje som no er utgitt på 16 språk. Han har også gitt ut fleireessaysamlingar, og i 2010 kom boka «Norsk og moderne».