Det seier politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sunnmørsposten skreiv torsdag om den heimelaga fotoboksen Erlend Kragset har sett opp - ifølgje han sjølv for å få slutt på råkøyring på ei strekning som har blitt stadig meir trafikkert etter omlegginga av Årvik-Koparnes-ferja.

Les fleirenyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Kontakta UP-sjefen

- Eg tok ein telefon til sjefen for Utrykningspolitiet sentralt - Runar Karlsen, som har sjekka saka med Vegdirektoratet. Svaret er at det ikkje finst noko regelverk som forbyr boksa slik den er sett opp no, seier politimeisteren.

Les også: Laga eiga fotoboks

- For det første står boksen på privat grunn inne i ein hage, i alle høve så langt eg kan sjå av bildet. Dessutan er det ikkje slik at den faktisk gjer målingar. Hadde det siste der vore tilfelle, hadde saka stilt seg annleis, seier politimeisteren, og legg til at Vegdirektoratet kjenner til ei liknande historie ein annan stad i landet.

- Men der var boksen laga i tre, og han som hadde sett den opp plaga med at folk dreiv og velta den, fortel han.

Positiv til hjelpa

Boksen på Hakallestranda kan med andre ord stå, utan at Erlend Kragset risikerer straff for det. Men kva synest politimeisteren om at den unge mannen går politiet i næring med tiltak for å reduserte farta?

- Dersom det faktisk stemmer, at folk bremsar ned når dei ser boksen til Kragset, så synest eg det er positivt.

Følg smp.no på Facebook