Studentane ved Høgskolen i Ålesund kunne i førre veke lese på skulens og klassen sin fronter-side at «Som de fleste kjenner til, vil en eksamensoppgåve i rekneskap innehalde mange tall. Endring av tekst til nynorskversjon vil kunne medføre at tall endres/flyttast/forsvinn. Sjansen for at dette kan inntreffe er stor». Det var faglærar som hadde lagt ut denne beskjeden.

Verken student Johan-Andrè Eikrem eller Noregs Mållag forstår grunngjevinga for at eksamenen ikkje kunne kome i ein nynorskversjon.

– Grunngjevinga for å ikkje lage eksamen også på nynorsk, verkar vag. Den er nok laga mest for å kamuflere at dei ikkje ønskjer å lage to versjonar av eksamenen, seier 1. årsstudent i økonomi og administrasjon, Johan-Andrè Eikrem.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland her

Diskriminert

– Eg vart ganske overraska, og offentlege utdanningsinstitusjonar pliktar å tilby både ein bokmål- og ein nynorsversjon. Her vert nynorsken som skriftspråk endå ein gong forbigått og diskriminert, påpeiker Eikrem.

Heller ikkje Noregs Mållag trur noko på grunngjevinga for å ikkje lage eksamen på nynorsk.

Latskap

– Dette er berre tøv og latskap. Eg har aldri opplevd at sjølve tala er ulike på nynorsk og bokmål, og først trudde eg at dette var ein spøk, seier skuleskrivar Ingar Arnøy i Mållaget.

– Hadde skulen hatt litt nase, så hadde dei tenkt på at dei fleste kommunane i regionen har nynorsk som hovudmål, og at det er mange studentar som også har det, seier Arnøy. Han meiner dette er eitt av mange eksempel på at det er ein kamp å vere nynorskbrukar.

Jamstilling

– Nynorskbrukarar stangar mot stengsel av denne typen, og det er alvorleg. Det er eit overordna mål at Norge skal vere eit reelt tospråkleg samfunn etter mållova. Det betyr at det skal vere reell jamstilling, og språkpolitikken skal gjelde alle sektorar i samfunnet, understrekar Arnøy.

Får tilbod likevel

Også studieadministrasjonen ved Høgskolen i Ålesund reagerte på at dei berre fekk tilsendt eksamensoppgåva på bokmål.

Det seier fungerande høgskuledirektør ved Høgskolen i Ålesund, Lasse Gallefoss.

Han var sjølv ikkje klar over saka då Sunnmørsposten kontakta han.

Reagerte

– Då studieadministrasjonen ved høgskulen berre fekk eksamensoppgåva på bokmål i førre veke, reagerte dei også, seier han - etter å ha undersøkt saka.

– Det var tjue studentar som ønskte seg oppgåva på nynorsk, og studieadministrasjonen gav allereie i førre veke beskjed til faglærar om at eksamensoppgåva må utarbeidast på nynorsk også, legg han til.

Rutine

Ifølgje Gallefoss, er det rutine og standard ved Høgskolen i Ålesund å utarbeide eksamensoppgåvene også på nynorsk dersom studentar ønskjer det.

Sunnmørsposten lukkast ikkje å få tak i faglærer for ein kort kommentar måndag.