-  Møre og Romsdal fylkeskommune har i dag  ikkje økonomisk handlingsrom til både å satse omfattande på fylkesvegane, samtidig som ein skal investere i Nordøyveg og skulebygningar.Dette skriv fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og assisterande fylkesrådmann Willy J. Loftheim i eit oversyn over økonomien fram til 2017.

Dei store løfta som er i vente er Nordøyvegen, ei rekke skulebygningar, store investeringar i fylkesvegnettet og  bypakkene.Men det er ikkje rekna med utgifter til investeringar  på grunn av  forfallet på fylkesvegane.Ei fylgje av alt dette er sterk auke i lånegjelda som bind utgiftene for fleire år framover og som svekker evna til å handtere uventa hendingar.I tillegg til auka investeringsutgifter, er det nok av driftsutgifter med å asfaltere fylkesvegane og anna vedlikehald, auka utgifter til å drive buss- og ferjeruter og auka driftsutgifter på grunn av Nordøyvegen. Ferjene kostar 42 prosent meir å drive enn i dei gamle anbuda og bussrutene krev omlag det same i auka tilskot. Derfor er det arbeid i gang med å foreslå kutt i avgangane.

I Nordøyvegprosjektet ligg det til grunn ein føresetnad om at staten ikkje reduserer ferjedriftsmidlane til Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette vil vere avgjerande for om fylkeskommunen er i stand til å finansiere prosjektet, skriv fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og assisterande rådmann Willy J. Loftheim.