Han kunne smile stort, natt til laurdag, Per-Arnfinn Brekke frå Oslo. Berre få minutt etter at laksefisket hadde starta ved midnatt, beit ein sværing av ein laks på fluga hans i Stryneelva.

- Egskjønte ikkje at den var så svær først, og det vart ein skikkeleg kamp. Det var veldig tungt og eg måtte jobbe og slite, fortel laksefiskaren til avisa Fjordingen. Etter omlag 20 minutt var laksen på land. Fiska på Lysvoll, i hølen oppkalla etter ein lord med same namn: Cowan.

- Eg trur vi må må 15 år tilbake i tid for å finne liknande fangst, fortel Knut Løvdal Stauri, som har vore tett på laksefiskarar i Stryneelva imange år, til avisa. Rekorden i elva er etter sigande ein laks på 29,5 kilo, fiska av Johan Gjørven tidleg på 1900-talet.