Jord og stein har øydelagt store delar av eit plantefelt og 12-15 mål med dyrka mark på Opsvik i Stranda.

Raset skjedde måndag kveld, i samband med at det kom store mengder nedbør på kort tid, melder Radio Storfjord.

- Det ser ut til at raset har starta 600 meter oppe i fjellet, og så har det enda nede på 100 meter over havet. Og det er ganske store megnder det er snakk om, seier Narve Opsvik til smp.no.

Då vi snakka med han tysdag morgon var han på veg opp i lia for å sjå nærare på skadeomfanget.