Holst har lenge vore oppteken av samanhengen mellom oppvekstvilkåra til dei store pelagiske bestandane av sild, makrell og kolmule. Men han har også studert villaksen si rolle. Dei siste åra har det vore ei dramatisk utvikling i Norskehavet. Ein rekordstor sildebestand er på vikande front, medan makrellen breier seg stadig lenger nord og aust.

– Planktonet i Norskehavet er no eit utpint system, og det skuldast overbeiting i mine auge, seier Holst, som nyleg slutta i Havforskingsinstituttet for å drive privat verksemd.

Lakseeventyret

Smålaksen konkurrerer med sild, makrell og kolmule om maten - som i stor grad er dyreplankton. Men planktonmengdene er reduserte med 80 prosent på ti år.

– Lakseeventyret på Sunnmøre på starten av 70-talet med enorme mengder smålaks var toppen på ein syklus. Då var både silde- og makrellbestanden nede, og planktonet og smålaksen hadde gode dagar. No ser vi snart botnen av denne syklusen, med vanskelege oppvekstkår for smålaksen, seier Holst.

Han har studert svingingane tilbake til 1740 i data frå skotsk laksefiske.

– No går svingingane mykje fortare fordi vi stort sett har fjerna dei som et dei pelagiske fiskane, slik som kval, og i tillegg fiskar vi for lite. Havet svingar for fort på grunn av oss menneske, seier Holst.

Også i fjordane er det mykje makrell. Dermed får sjøauren tøff konkurranse.

– Makrellen beitar ned brislingen, og sjøauren finn ikkje mat, seier Holst.

Les også: Strakstiltak for å redde villaksen

Les også: Dårlig fangst i lakseelvene

Kritikk

Han kjem med kritikk mot Det vitskapelege rådet for lakseforvaltning, som han meiner er for lite oppteke av å lære om laksen i havet.

– Eg har snakka med Direktoratet for Naturforvalting mange gonger dei siste 15 åra og halde tallause foredrag for dei om økosystemet i Norskehavet, men dei ønskjer ikkje å høyre på det øyret. Og dei vil ikkje samarbeide. Villaksen fell mellom to stolar. Det har aldri blitt sett av pengar til å forske systematisk og langsiktig på laksen i havet, medan det vert brukt hundrevis av millionar på forsking og forvalting av villaks i elvane og nær kysten, seier Holst.

– Men stemmer det ikkje at lakselus er det store problemet?

– Det har vore eit problem og det har eg sjølv vore med på å påpeika. I dag er det nesten ingenting samanlikna med tidleg på 2000-talet. Men uheldigvis vart både forskinga, forvaltinga og miljøvernorganisasjonane for einsretta. Dei såg og ser berre lus! Men vi treng meir kunnskap om laksen si rolle i økosystemet, og her er masse å hente for ein rimeleg penge, seier Holst.

Han og kollega Marianne Holm dreiv forsking på villaks nærmast som ei bilprosjekt under Havforskingsinstituttet (HI) sine tokt i Norskehavet.

– Vi slost for kvar ei krone og «haika» med HI sine tokt. No har både eg og Marianne Holm slutta og HI driv i praksis inga lakseforsking utanfor grunnlinjen meir, seier Holst.

Epokeskifte?

Han meiner ein må gjere det som amerikanarane gjorde då russarane vart dei første i rommet.

– Gå i kjellaren og spør kva som gjekk feil med norsk lakseforvaltning. Bruk det nye Miljødirektoratet som utgangspunkt for ein ny modell der økosystemforvaltning og samarbeid mot Havforskingsinstituttet blir nøkkelord, seier Holst.

Han ventar dårleg laksefiske i fleire år framover, men er ikkje bekymra for villaksen.

– Den er på ingen måte utryddingstruga. Alle ville ressursar varierer over tid og fiskarane må tilpasse seg det, seier han.

<strong>Forskar:</strong> Jens Christan Holst er talsmann for økoforvaltninga.