Torsdag fekk italienske turistar prøve det nye brusystemet i Geiranger. I staden for å måtte bruke båtar frå cruiseskipet, kunne dei i dag gå dei siste metrane sjølve.

– Det gjekk upåklageleg bra, fortel hamnesjef Rita Berstad Maraak ved Stranda Hamnevesen.

Behageleg

Ved å ta i bruk den motoriserte brua er turen frå skipet til land mykje enklare for både turistar og mannskap. Samstundes er ein friare med tanke på når ein vil i land. Men dette er ikkje det einaste positive, brua sparar også miljøet.

– Det er ingen eksos, og det er meir behageleg for turistane enn tenderer, seier Berstad Maraak. Flytebryggja som kosta om lag 35 millionar kroner, består av tre ledd, og er totalt 230 meter. Den kan forlengast og trekkjast saman etter storleiken på skipet.– I dag var det lite trafikk elles i fjorden, og det var fine verforhold, seier Berstad Maraak om korleis det gjekk då «Costa Pacifica» brukte «Sea Walk» for første gang.

Sikkerheit

Og om vêret skulle bli dårleg, har både Hamnevesenet og SeaWalk Geiranger AS, som eig og driv brusystemet, prosedyrar for at tryggleiken skal haldast oppe.

– Vi har redusert fartsgrensene i tillegg, for å gjere det sikrast mogleg, seier Berstad Maraak.

Forventningar

Hamnevesenet og dei andre involverte var svært spente i forkant av opninga, men alt tyder på at «SeaWalk» er ein positiv medhjelpar i Geiranger.

– Alt ser ut til å vere i orden, og førebels fungerer det veldig bra, fortel Berstad Maraak.

3000 passasjerar

Skipet som segla inn Geirangerfjorden i dag, «Costa Pacifica», hadde 3000 passasjerar om bord. Men kor mange av desse som gjekk i land, kan ikkje Hamnevesenet svare på.

– Vi har ikkje nokon måte å telje dette på, men vi såg at det var mange som gjekk i land.Gwen Nickolaychuk ved Geiranger Turistkontor fortel at det har vore jamn flyt med turistar frå skipet og inn til sentrum i dag. – «SeaWalk» gjer det lettare for turistane å kome i land, seier Nickolaychuk.