Malakoff Rockfestival har sett ny publikumsrekord allereie første kvelden.

Meir enn 10.000 publikumarar har vore inne fredag kveld, og festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal informerar at det ikkje er fleire billettar igjen.

Fleire timar før campen opna fredag formiddag var det kø utanfor området, og det kom jamnt med folk til området heile dagen.

-Det var ekstremt kjekt å sjå at så mykje folk kom til festivalområdet allereieklokka seks, før konserten med med Morten Abel, seier Naustdal.

Fullt laurdag

Deter venta like  mykje publikum til dag to, og har du ikkje kjøpt billett erdet no for seint, opplyser arrangørane. Festivalen er utsolgt.

– I morgon er det berre dei som allereie har fått billett som slepp inn, seierein svært nøgd festivalsjef og legg til at ungar under 12 år slepp inn i følgemed foreldre med billett.

Medså mykje folk innanfor portane både på festivalområdet og campen vart det meirventing og køar for folk.

– Vi er svært glade for at publikum har vore så tålmodige med oss, seierArnt-Ivar Naustdal og reknar med at det vert betre i morgon.

Festivalen har nåddkapasiteten, men tryggleiksselskap og Røde Korsseier at arrangementet likevel er gjennomført  i trygge former.

Fantastisk publikum

–Artistane er strålande fornøgde og har hatt fantastisk god respons frå det godeMalakoff-publikumet, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Det er tydeleg at folkkosar seg med musikken og festivalstemninga.

Tilbakemeldingarfrå crew og artistar skryt også av ein velfungerande og godt organisertfestival der det er kjekt å spele.