Gardbrukaren Harry Moe (77) vart landskjend hausten 2005, då han sveltestreika i 41 dagar og netter i protest mot at Ørsta kommune ville ekspropriere tre mål av jorda hans – den såkalla «Velferda» – og gje han 1,4 millionar kroner for jordstykket.

Etter sterkt påtrykk frå familie og advokat, avslutta ein sterkt avmagra Harry sveltestreiken, og var deretter ei knapp veke pasient på Volda sjukehus.

Politikarane måtte bokstaveleg talt bite i graset, og lova i vedtaks form ikkje å røre «Velferda» dei seks til åtte neste åra.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjordeid på smp.no

Vegtrase

Men no har det gått sju år, og Ørsta kommune meiner det er på tide å få fatt i Harry Moe sine tre dekar, som dei ynskjer skal bli vegtrase. Ei storstilt utbygging av bustadfeltet på øvre Mo er i gang, ei utbygging som delvis er stoppa på grunn av den nye tvisten med Moe. Kommunen meiner det ligg føre ein avtale om at dei etter seks år kunne kjøpe «Velferda», noko Harry – mildt sagt – er usamd i.

– Du bur deg på ny sveltestreik?

– Ja, taper eg saka mot kommunen i tingretten i september, vert det ny sveltestreik. Pengane sine kan dei ha for seg sjølv. Eg treng ikkje meir pengar. Enkelte trur visst at det er det einaste som tel her i livet, og gløymer heilt kjenslene, seier ein kampklar Moe, som er overtydd om at hans fortid som sportsmann var ei viktig årsak til at han stod det over i 2005.

– Men forma er nok ikkje like god som den gongen, må han vedgå.

Harry står sterkt

Bjørn Kristian Hove er Moe sin advokat, og meiner klienten har ei rettsleg sterk sak.

– I kommunestyret sitt vedtak frå 6. desember 2005 står det ikkje eit ord om at kommunen har nokon avtale med Harry Moe. Der står at kommunen ikkje hadde behov for å ekspropriere arealet på seks til åtte år, og det vart gjort eit skjønn. Realiteten er at lova er klar på at tvangsgjennomføring av skjønn må skje innan eitt år. Kommunen har ikkje noko lovmessig grunnlag for tvangsgjennomføring no, sju–åtte år seinare, understrekar Hove, som vidare viser til at reguleringsplanen for området er over ti år, noko som også slår beina under ekspropriasjonsretten.

Velmeinande

– Vi vil ikkje Harry Moe noko vondt, og dette kan då ikkje vere ei sak å døy for, meiner fungerande ordførar Paul Kristian Hovden (KrF).

– Vi har gått mange rundar med Harry Moe, og Ørsta kommune meiner det ligg føre ein avtale om ekspropriasjon etter seks til åtte år. Sjølvsagt har alle rett til å kjempe for sine interesser, og eg skjønar dette med jordvern er eit viktig prinsipp for Moe, men alle i samfunnet må rette seg etter demokratiet og fleirtalet, seier Hovden, som stadfestar at anleggsarbeidet i delar av bustadfeltet har stoppa opp på grunn av tvisten.

– «Velferda» ligg heilt i utkanten av Moe sin eigedom. Ingen vil ta frå han hus eller heim. Og eg håper verkeleg det denne gongen ikkje kjem så langt at Moe vil svelte seg igjen, seier Hovden.

Sprengstoff

Sjølv er Moe ikkje i tvil:

– Kva skulle eg elles gjere? Eg kjem aldri til å godta dette overgrepet frå kommunen. Då heller døy. Dei som meiner eg er sær, vanskeleg og ein tverrdrivar, får berre meine det. Det er dei som er vanskelege. Eg kjempar berre for mitt. Eg har budd heile mitt liv på denne garden, og byrja å bryte jord før eg byrja på skulen. Då eg var ti–tolv år, sprengde eg stein! Nei, alle kan vere sikre på ein ting: Eg kjem aldri til å gje meg!

Følg smp.no på Facebook

<strong>Anlegg:</strong> Anleggsarbeidet på delar av det nye bustadfeltet har stoppa opp på grunn av kommunen sin nye tvist med Harry Moe.
<strong>Ikkje vondt:</strong> – Vi vil ikkje Harry Moe noko vondt, forsikrar fungerande ordførar Paul Kristian Hovden.