I fjor omsette Vest Buss-konsernet for nær 300 millionar kroner. 147 Iris-bussar blei levert i Norge og 21 i Sverige.

– Totalt sett er vi nøgde med resultatet. Det at vi på så kort tid har klart å jobbe oss inn på marknaden, er blitt lagt merke til i Iveco-systemet. Det er ikkje berre lett å kome inn på ein slik marknad i løpet av kort tid, seier Per Dag Nedreberg, dagleg leiar i Vest Buss Gruppen AS.

Nedgang

Konsernrekneskapen viser likevel ein nedgang både i omsetning og resultat, men dette uroar ikkje Nedreberg:

– Bussalet svingar frå år til år, og det vil det alltid gjere.

I inneverande år er det venta at selskapet vil levere om lag 250 bussar i Norge og Sverige. Omsetninga er venta å bli litt over 350 millionar kroner.

Ifølgje rekneskapen er to millionar kroner av overskotet sett av til utbytte. 4,6 millionar blir overført til annan eigenkapital. Det er sett av pengar for å bygge opp reservar for mulege framtidige tap i samband med vedlikehald- og gjenkjøpsavtalar.

Nytt namn

Namnet Iris Bus er no bytt ut med Iveco Bus. Bussane blir bygde ved fabrikkar i Tsjekkia, Frankrike og Italia.

Målet for Vest Buss er å vere blant dei tre største bussleverandørane i Norge og å vekse gradvis i Sverige. Ifølgje Nedreberg har ein lykkast bra i Sverige i år, med 67 leverte bussar.

Her i landet fekk selskapet nyleg ein storordre på 100 bussar som skal leverast i august. I Norge har Vest Buss 15 prosent marknadsdel på store bussar, medan selskapet er marknadsleiande på minibussar (26 seter). Ifølgje busstatistikken var Iveco tredje største bussmerket i Norge i fjor, etter Volvo og Man, men før Mercedes og Scania.

Vest Buss begynte som forhandlar av Iris Bus i 2009. Frå 2011 la valde dei å leggje ned sin eigen bussproduksjon.

– Var dette rett strategi?

– Ja, definitivt. Sett frå vår side var det rett å bli forhandlar framfor produsent, seier Nedreberg og legg til at prisane på nye bussar har gått kraftig ned og Vest Buss ville ha slite med å konkurrere.

Selskapet som starta bussproduksjon i Stryn etter at Vest Buss la ned, gjekk konkurs tidlegare i år.

<strong>Leiar:</strong> Per Dag Nedreberg er dagleg leiar i Vest Buss Gruppen.