Støbakk meiner at det heilt klart burde vore betre skilting slik at bilistane kan vite korleis dei skal opptre, og kva veg dei skal evakuere ved ein brann.

– Det er normalt å gå kortaste vegen ut, men då kan ein gå innover mot røyken. Difor bør det vere skilting om kva retning ein skal evakuere, og skiltinga bør stå både før tunnelane og inne i dei, seier Støbakk.

Britt Giske Andersen bur på Giske, og køyrer tunnelane kvar dag. Ho vil ha fokus på strakstiltak og førebygging, blant anna i form av betre skilting.

Les også: Brannsjef frykter brann i Strynefjells-tunnelene

Sjølvberging

– Sikring av tunnelane er ein viktig debatt. Men skal vi drive sjølvberging, må vi i det minste vite kva veg vi skal evakuere. Vi må få god informasjon og skilting, seier ho.

– God skilting og digitale skilt som er oppdatert på status inne i tunnelane kan berge liv ved å bevisstgjere bilistane på at farten må tilpasses for å unngå ulukker. Varselskilt føre korketrekksvinger kan gi ei påminning.

Giske Andersen føler at ho driv russisk rulett når ho køyrer tunnelane og korkesvingane.

– Der er mange småhendelser som kan føre til større ulykker. Ho meiner også at det er ei fanesak å sikre Godøy-tunnelen.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland her

Kva for tunnellar synest du er farlegast på Nordvestlandet? Sei di meining i kommentarfeltet: