Politiet har over lengre tid gjennomført etterforsking mot fleire personar frå ein kommune på Sunnmøre i overgrepssaka som politiet sjølv karakteriserer som alvorleg.

– Tre personar er sikta. Ein av dei sit framleis i varetektsfengsel, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad ved Sunnmøre politidistrikt.

Varsla av internasjonalt politi

Ho opplyser at politiet på Sunnmøre vart kontakta av politi frå utlandet.

– Saka har relasjon til Internett, og er avdekka via internasjonalt politisamarbeid. Det vart funne overgrepsmateriale på nettet. Dette vart spora til vårt distrikt, og vi vart kontakta, seier Myklebust Ferstad.

Etterforskinga pågår framleis, og politiet er difor tilbakehaldne med opplysingar.

Bistand frå Kripos

– Kva slag overgrepsmateriale er oppdaga?

– Det vil eg ikkje gå nærmare inn på, seier Myklebust Ferstad. Seinast denne veka har etterforskarar frå Kripos gjennomført vitneavhøyr.

– Kripos har bistådd med både taktisk og teknisk etterforsking, opplyser politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

– Kva har dei sikta forklart?

– Det kan eg ikkje seie noko om av omsyn til etterforskinga.