29 år gamle Olivia Kiss spelte tidlegare for SIOFOK KC i Ungarn som vart nummer 3 i serien i 2011/2012-sesongen. Deretter hadde ho eit år pause, men skal no spele for Volda.

- Oliva ynskjer å lære seg norsk språk og kome i arbeid så raskt som mogleg for på den måten å bli integrert i lokalmiljøet. Det er vår klare oppfatning ar dette er ei dame med godt humør og som vil gli godt inn i det flotte miljøet, som damelaget til Volda er kjent for, seier leiar Arild Bakke.

Caroline Ruud Helgesen blir Volda-spelar

Caroline Ruud Helgesen frå Aksla som spelte haustsesongen sist sesong for Ålesund Håndball, har vore på utlån til Volda frå 1. februar i år. Ho bestemte seg for å satse vidare i Volda, og denne veka er ho offisielt klar som Volda-spelar.

- Caroline Ruud Helgesen skal avslutte siste året på Toppidrettslinja ved Fagerlia videregåande skole, og vi er glade for at skuleleiinga gjer alt dei kan for å legge til rette for Karoline, slik at ho får med seg dei fleste treningane i Volda, seier Arild Bakke.

Målvakta frå Romania takka nei til Volda

Dessverre for Volda HK fekk dei ikkje i gang avtalen om keeperen dei ville ha frå Romania. Leiinga i den rumenske toppklubben nekta plutseleg og uventa å gi slepp på keeperen sin grunna ein nyleg oppstått skadesituasjon. Dette gjer det vanskelegare for Volda HK å styrke stallen sin med ei målvakt til, ettersom det snart er seriestart.