Den tidlegare skiløperen Odd-Bjørn Hjelmeseth er no generalsekretær i Norsk Hyttelag. I kraft av denne posisjonen har han no engasjert seg i saka om eigedomsskatt for hytteeigarar i Stranda kommune.

- Det siste ei kommune som i praksis er konkurs bør gjere er å straffe hytteeigarar som ikkje ein gong har stemt på dei politikerne som har tømt kommunebudsjettet. Stranda burde gjere det stikk motsatte, etablere eit tett samarbeid med hyttefolket og sørge for at dei legg igjen mest mogleg penger i kommunen frivillig. Trysil og Vestre Slidre er eksempler på hyttekommuner som har lukkast med dette, seier Odd-Bjørn Hjelmeseth.

No utfordrar han Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

- Eg vil utfordre ordføraren. Hvis han rydder opp i dette før påske 2014 skal eg springe fra cruisehavna til toppen av alpinanlegget. Norsk Hyttelag og eg stiller gjerne opp med gode råd i opprydningen. Hvis han ikkje rydder opp forventer eg at han spring same turen, seier Hjelmeset.

Eigedomsskatt

Stranda kommune har innført eigedomsskatt med klagefrist 19.august. Hyttefolket meiner dei blir skatta dobbelt så mykje som dei som eig bustadhus.

Frp, som stemte i mot forslaget, vil kome med ein interpellasjon i kommunestyremøtet i dag, der dei etterlyser klarare retningslinjer for grunnlaget for eigedomskatten (taksering).

Stranda-ordførar Jan Ove var ikkje tilgjengeleg for kommentar onsdag på grunn av møter. Det er difor uvisst om han tek utfordringa.