Det var eit barn i barnehagealder som onsdag kveld døydde, etter å ha fått ein stein over seg i Vanylven. Det melder politiet, torsdag føremiddag.

- Ulykka skjedde under leik i ei steinrøys nært eit gardsbruk, ikkje langt frå heimen til dette barnet på Fiskå, fortel førstebetjent Øystein Ruud ved Vanylven lensmannskontor til smp.no.

Leika saman med eit anna barn

Politiet melde først at det ikkje skal ha vore vitne til ulykka, men dette har seinare blitt korrigert:

- Barnet leika saman med eit anna barn då ulykka skjedde. Det andre barnet kom ikkje fysisk til skade i ulykka, seier Ruud.

Omsorgsgruppe sett inn

Vakthavande politi i Måløy og ambulanse frå Fiskå vart sendt til staden då ulykka vart meldt, klokka 18.44.

- I tillegg var også luftambulanse på staden, og i tillegg vart det lokale brannvesenet varsla. Fordi det tidleg vart klart at det dreide seg om ei dødsulykke, fekk brannvesenet melding om å snu før dei kom fram, seier Ruud.

Fleire frå kommuna si omsorgruppe blei sett i sving alt onsdag kveld.

- Dei har jobba utover kvelden og natta med pårørande, seier førstebetjenten.