- Det var viktig for meg å kome fort igang att, at opphaldet ikke vart for langvarig, seier Odd-Egil Valderhaug. Mannen som i si tid starta Øy-Blikk, køpte konkursbuet gjennom selskapet Giske Aktivum, og torsdag var avisa altså tilbake i postkassa.

- Denne utgåva blir fulldistribuert til heile Giske kommune, og også tidlegare abbonentar utanfor Giske kommune får avisa tilsendt denne gongen. Seinare skal avisa også fulldistribuerast på Ellingsøy, seier Valderhaug.

63-åringen fortel om lange dagar sidan han bestemte seg for å setje pensjonisttilveret på vent for å satse på avis på nytt.

- Det er jo ei årrekkje sidan sist eg var redaktør - og då eg kom inn i lokala att, vart eg litt sett ut av alt det tekniske utstyret eg ikkje kan å bruke, seier han. Likevel er den nye utgåva på 20 sider, og mellom artiklane er både ei større byggjesak og ein stor reportasje om fiskerinæringa.

- Førebels har vi knytta til oss tre frilansjournalistar og ein annonsekonsulent som skal arbeide i ei prosjektstilling, men etterkvart er målet å tilsetje folk i faste stillingar, seier Valderhaug. Han har gitt seg sjølv to år i jobben med å prøve å få avisa på beina att.

Les også: Har kjøpt opp Øy-Blikk

Les også: Lokalavisa i Giske er konkurs