- Statens vegvesen har vorte svært imøtekomande og velvillige etter det som lett kunne vorte ein nasjonal katatstofe i Gudvangatunnelen. Dette er det store og positive vi står att med etter den yhyre dramatiske tunnelbrannen, sa Gilje mellom anna.

Det gjorde inntrykk på såvel garva brannmannskap, politi og politiar å høyre brannsjefen med tredve års røynsle fortelje detaljane om alt som svikta den fatale dagen, tre og ein halv kilometer inne i tunnellen frå Flåm.

- Lys, samband, ventialsjon og det meste svikta då det galdt som mest. Men vår eigen kompetanse gjorde vel så mykje som flaks til at ikkje menneskeliv gjekk tapt. Eg trudde lenge det måtte gå gale, sa Gilje.

Han deler sine erfaringar med kollegaer på Sunnmøre og i Nordfjord, i håp om at detaljar og erfaringar skal kome til direkte nytte når situasjonane oppstår. Stadig fleire tunnelar har vorte bygde.

Brannsjef i Volda, Roy Inge Heltne, skal fortelje om Volda brannvern sine tøffe erfaringar frå to dødskrasj og dramatiske brannar i eige distrikt, Rotsethorntunnelen og Eiksundtunnelen.

Volda brannvern har fått spesialansvar for alle tunnelane i nærområdet på søre Sunnmøre.