Det var under sørgåande tur til Bergen natt til tysdag at dei 70 passasjerane fekk eit litt for nært møte med norsk mattradisjon, skriv Firdaposten.no.

Skipet hadde, ikkje heilt unormalt, frakta salta fisk. Men då lasterommet skulle spylast, lak det vatn ned i nokre av lugarane under.

– Og det vatnet luktar ein heil del. Passasjerane om bord reiser difor vidare til Bergen i eit meir luktnøytralt miljø om bord på ekspressbåten, seier kommunikasjonsrådgjevar Stein Lillebo i Hurtigruten ASA til avisa.

Båten snudde i Florø tysdag morgon og var tysdag ettermiddag på veg mot Ålesund for reingjering. Det er venta at båten blir liggjande der eit døgn.

SJÅ OGSÅ: Her kan du følgje skipstrafikken