Den døde var tilsett i Kleven Maritime i sju år. Kommunikasjonssjef i Kleven Maritime fortel at dødsfallet er møtt med sjokk og sorg på alle nivå i bedrifta.

Klokka to samla dei tilsette på avdelinga der den omkomne jobba seg saman med leiinga i bedrifta. Der var også sokneprest Margit Lovise Holte og folk frå bedriftshelsetenesta. Då vart det snakka om kor viktig det er å ta vare på kvarandre.

-  Og det er viktig at vi viser omsorg og tek litt ekstra vare på kvarandre framover, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

I kantina er det satt fram eit bilete av den døde arbeidskameraten. Ein har også tent lys og sett fram blomar.

Ordførar i Ulstein, Jan Berset, seier dei har aktivisert omsorgsberedskapssystemet som no jobbar med pårørandesituasjonen og vil kartlegge kva behov som er. Så må dei vurdere vidare kva tiltak som skal setjast i verk.

Ulstein kyrkje kunngjer på heimesida si at det vert opa kyrkje i kveld.

- I samband med  den tragiske hendinga i lokalsamfunnet vårt i dag, vil Ulstein Kyrkje vere open for lystenning og fellesskap. Kateket, prest og diakon vil vere tilstade.

Politiet undersøkte åstaden tirsdag. Foto: Svein Aam