Han er leiar i Ulvådalen sankelag, som i år sendte til saman 2.030 sauer på beite i området mellom Romsdalen og Tafjordfjella.

Sankelaget består av 13 saueeigarar i Herøy, Hareid, Vestnes og Rauma.

Kadaver

– Vi har funne 44 kadaver. Men i dei aller fleste tilfella låg det berre att bein og ull, og då er det ikkje råd å dokumentere at det er jerv som har teke dei. For ligg dei daude dyra ute i to dagar, så blir dei raskt spist opp, forklarer Bakken.

Men sjølv er han ikkje i tvil om kven som er syndaren:

Jerven

– Eg er sikker på at jerven står bak 80 prosent av lammetapa våre. Måten kadavera låg på, og staden der dei vart funne tyder også på det, seier han.

Sjølv har han hatt sau på beite i dette området i 33 år, og han har opplevd store tap også tidlegare.– Lenge gjekk det heilt fint. Dei første 20 åra hadde vi berre tap på 1,5 prosent av dyra. Men så kom jerven inn i området, og då vart alt snudd på hovudet. Då vart det tap på mellom 13 og 16 prosent kvart år.

Les fleire nyheiter frå søre Sunnmøre her

Gjetarar

Men så fekk sankelaget offentleg støtte til vaktarhund og patruljar i området. Det gav gode resultat.

– Innføringa av vaktarhund og patruljar reduserte tapa til seks-sju prosent kvart år. Men no i år er vi altså samla oppe i 9,5 prosent, 13,5 prosent åleine på lamma. Men tapa er ulikt fordelt på oss. Nokre har åleine tap på 20 prosent, og dette er sjølvsagt dramatiske tal. Difor er det dei som no vurderer sterkt om dei skal halde fram med sauer, seier Atle Bakken.

Avgjerande

Han set no sin lit til at dei framleis vil få støtte til vaktarordninga.

– Viss ikkje, så er det heile sjølvslutta. For ikkje får ein gjere noko med jerven, heller.

– Kva med å la sauene beite i eit anna område?

– Ikkje har vi andre område. Og ikkje trur eg at det nyttar. For flyttar ein på sauene, så kjem jerven berre etter. Han dreg nemleg dit det er mat, meiner Bakken.

I tillegg til jerv så er det også observert meir ørn i området enn på lenge, legg sauebonden frå Leikong i Herøy til.

Dette er dyret saueeigarane fryktar. Dette eksemplaret er derimot fotografert i ein dyrepark i Finland. Foto: JUNE R. JOHANSEN