– Vi har jobba aktivt med å lyfte Sunnmøre som toppturmarknad. Tillet ein helikopter no, kan ein redusere verdien av det vi har bygd opp med fokus på rein og urøyvd natur, seier reiselivssjef Geir S. Vik etter styremøtet i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS) onsdag.

Styret tok då opp den konfliktfylte saka om helikoptertransport av skituristar.

Saknar forankring

For få dagar sidan blei det kjent at Hjørundfjord Adventures har søkt om løyve til testturar for helikopterskyss for skituristar. Søkjaren er ei av medlemsbedriftene i destinasjonsselskapet.

Styret avviser ikkje heilt heliskiing, men beklagar at søknaden ikkje er breitt forankra i forkant. Difor ber dei om at søknaden blir endra og forankra både i destinasjonsselskapet, med andre næringsaktørar i Hjørundfjorden og i Ørsta kommune.

Ikkje lovleg

Sjølv om heliskiing i vedtaket ikkje blir blankt avvist, meiner styret at testflyging og eventuell utvikling av heliskiing ikkje bør gjerast i område som vil vere i konflikt med toppturområda ein har brukt store ressursar på å marknadsføre og utvikle.

– Skal ein gjere testturar, så bør ein velje plassar som ikkje er i konflikt med toppturmarknaden som vi har investert tung i, meiner Vik.

Og han legg til:

– Det er også viktig å presisere at lovverket per i dag ikkje tillet heliskiing i det omsøkte området, og at det uansett må endringar i lovverket til for at ein slik søknad skal godkjennast av Ørsta kommune, meiner Geir S. Vik.

Les fleire nyheiter frå Søre på smp.no

Unikt i verda

Reiselivssjefen trekkjer fram at toppturane i Hjørundfjorden er unike og skil seg frå andre plassar i verda.

– Rein og urøyvd natur er råvara til Norge. Det er dette vi skal selje og marknadsføre, og det er dette turistane kjem for, meiner Vik.

Siste åra har Destinasjon Ålesund & Sunnmøre investert mykje pengar i internasjonal marknadsføring av toppturar på ski.

– Lovorda om skimoglegheitene i Sunnmørsalpane er sterke frå internasjonale miljø, og vi ser no at vi er i ferd med å få gjennomslag, seier Vik.

Vil ha oppklaringsmøte

Hjørundfjord Adventure kjem ikkje til å endre søknaden om heliskiing, men varslar oppklaringsmøte med destinasjonsselskapet.

– Vi er ikkje overraska over engasjementet og debatten som har kome om heliskiing, men vi er overraska over reaksjonen til Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, seier Jarle Myklebust i Hjørundfjord Adventure etter at han er blitt kjend med styrevedtaket i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Allereie denne veka blir det eit oppklaringsmøte, men Myklebust gjer det klart at dei ikkje vil endre søknaden som er sendt Ørsta kommune.

Testturar

Hjørundfjord Adventure jobbar for å utvikle ordinære toppturpakkar, med og utan guide. Og Myklebust understrekar at dette vil vere hovudaktiviteten deira også vidare.

– Vi har no berre søkt om løyve til testturar for heliskiing, for å sjå om ideen er noko å gå vidare med, seier Myklebust.

Engasjement

Siste dagane har det vore stor debatt om heliskiing, i ulike media.

– Eg registrerer ulike meiningar, men først og fremst eit veldig engasjement. Dette stadfestar at det er ein grensesprengjande idé. Det er nytt i Norge og eg er overtydd om at dette vil kome, seier Myklebust.

Følg smp.no på Facebook

<strong>Reiselivssjef:</strong> Geir S. Vik er reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, som blant anna marknadsfører Hjørundfjorden. Arkivfoto: Petter Sandvik
<strong>Medeigar:</strong> Jarle Myklebust frå Skjåstaddalen er ein av dei som står bak Hjørundfjord Adventures AS. Selskapet ønskjer testturar for heliskiing. Arkivfoto: Knut Arne Aarset