Planane til Hjørundfjord Adventures om å fly skituristar til topps i Sunnmørsalpane med helikopter, har sett sinna i kok i reiselivsnæringa.

Sist ut til å ytre sin motstand mot prosjektet, er Norske Tindevegledere (Nortind), men meiner såkalla heliskiing kan øydeleggje meir enn det gagnar reiselivet.

Følg smp.no på Facebook

– Svekka tryggleik

Dei fraråder at kommunane sjølve får avgjere søknader lik den Hjørundfjord Adventures har levert inn til Ørsta kommune.

I ei pressemelding fredag argumenterer Nortind med at det ikkje bær vere naudsynt å nytte helikopter fordi dei fleste norske fjell er lett tilgjengelege. Vidare peikar dei på at andre fjellfolk vil få forringa si oppleving.

Nortind meiner óg at tryggleiken kan verte svekka mellom anna fordi det er vanskelegare å vurdere terrenget når ein vert flydd til toppen.

Vil unngå toppturfjell

Tidlegare har både Destinasjon Ålesund og Sunnmøre(DÅS) og lokale samarbeidspartnarar reagert på planane. Og fredag var Hjørundfjord Adventures i møte med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Helikopterplanane vart ikkje lagt i skuffa av den grunn, men i staden skal det settast ned i gruppe som skal sjå nærare på mulegheitene til å kombinere toppturturisme og heliskiing.

Testflyginga og eventuelle vidare planar om helikopterturisme bør ikkje gjerast i dei same områda som har vore marknadsført som toppturmål, heiter det i eit ferskt styrevedtak frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Samstundes vert det beklaga at søknaden ikkje på førehand har vore teken opp med DÅS og andre reiselivsaktørar.

Les også: Bryt samarbeid etter søknad om helikopterturisme Les også: Fryktar skiturisme med helikopter Les også: Søkjer om å utvikle heliskiing

Ikkje overraska

Jarle Myklebust i Hjørundfjord Adventure er ikkje overraska over at ideen har skapt debatt, men påpeiker at det er ulike meiningar. Også i Nordfjord har Fjord Helikopter i Stryn søkt om tilsvarande løyve.

– Vi har no berre søkt om løyve til testturar for heliskiing, for å sjå om ideen er noko å gå vidare med, sa Myklebust til Sunnmørsposten tidlegare i veka.

Han påpeika óg at selskapet i hovudsak arbeide med å utvikle toppturpakkar med og utan guide.

Er det rom for både helikopterturistar og toppturfolk i fjellet? Bruk kommentarfeltet !

Eitt av fjella som Hjørundfjord Adventure meiner kan vere aktuelt for heliskiing, er Skårasalen. Foto: Geir Vik/Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Foto: Geir Vik/Destinasjon Ålesund & Sunnmøre