<strong>handel:</strong> Gunnar Gundersen i byggevareforretninga Bygg & System merkar at Herøy er i vekst og utvikling. Folketalet aukar og folk treng hus. Mange vil også pusse opp. Kvar herøyværing legg att meir i eigen kommune no enn for fem år sidan.
            (Foto: Anne-Mari Tomasgard)

handel: Gunnar Gundersen i byggevareforretninga Bygg & System merkar at Herøy er i vekst og utvikling. Folketalet aukar og folk treng hus. Mange vil også pusse opp. Kvar herøyværing legg att meir i eigen kommune no enn for fem år sidan.Foto: Anne-Mari Tomasgard

Kundar i nordvest handlar mest

Folk på Nordvestlandet har handla meir enn i landet elles siste fem åra. Størst er veksten i Volda, Herøy og Selje.

Volda er den store vinnaren, med ein handelsvekst på heile 25 prosent siste fem åra. Kommunen går frå ein sjetteplass og kaprar tredjeplassen bak Ålesund og Ulstein, når ein reknar omsetning per innbyggjar.

Her kan du sjå interaktiv grafikk som viser korleis shoppingen på Nordvestlandet har auka dei siste fem åra.

– Det er kjempepositivt at Volda er på rett veg, seier Torill Hasfjord Bjørneset, leiar i Volda Handelsforening.

Eid ned

For fem år sidan låg Eid på tredjeplass blant kommunane i utvalet, men ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå har handelen i Eid gått ned med 4,3 prosent. Handelssenteret midt i Nordfjord ligg no på sjetteplass i omsetning per innbyggjar.

Auken i Volda kan forklarast med etablering av fleire store kjedebutikkar i Furene, sentralt plassert med eit stort omland som følgje av Eiksundsambandet og seinare også Kvivsvegen.

– Men det er ikkje berre Furene. Det er bra handel i Volda sentrum også, seier Bjørneset.

Les også: Vi shoppar meir - interaktiv grafikk

Pussar opp

Herøy tek andreplassen på lista over størst prosentvis vekst. Kommunen er i medvind, med stadig aukande folketal, og det er tydeleg at dei som bur der i større grad handlar lokalt. Knapt 59.000 kroner la kvar innbyggjar att i eigen kommune i fjor.

Gunnar Gundersen ved Bygg & System på Mjølstadneset i Herøy er ein av dei som gler seg over veksten i Herøy.

– Vi har alltid hatt mykje å gjere. Det har vore jamn byggeaktivitet siste år, og det er klart at folk her har god økonomi. Og dei som jobbar på supplybåt for eksempel, er mykje heime og pussar opp, smiler Gundersen som før helga opna ny og større byggevarebutikk.

Overskot

Verksemda har sidan oppstart i 1984 alltid hatt overskot. Rekneskapen viser at omsetninga siste fem åra har auka frå 18,6 millionar til 61 millionar. Resultatet før skatt var i fjor på 2,2 millionar kroner.

– Vi brukar opp pengane etter kvart. Målet er ikkje å bli rik, men det er veldig kjekt å bygge ut og utvikle ting. Det er jo det som kjenneteiknar kulturen her, seier Gundersen og legg til at det er utvikling og ikkje pengar som har fokus i Herøy.

Stor auke

Omsetninga i byggevarebutikkane merkar gode og dårlege tider. Byggfag-kjeda har 21 butikkar i dei to fylka på Nordvestlandet.

– Butikken i Herøy er no den største, men mange har hatt stor auke, seier kjedekoordinator Vigdis Fiskerstrand.Omsetninga så langt i år ligg totalt sett likt med i fjor.

– Nokre stader går vi tilbake, men i Herøy går vi fram. Det har vore ein auke siste åra, men roa seg litt no – men det har det ikkje gjort i Herøy, smiler Fiskerstrand.

På butikkopninga møter vi også Amalie Storøy, ein ung gründer som er flytta heim frå Oslo til Herøy. Ho har designa den nye Byggfag-butikken, og ho vil hjelpe butikkar både i Herøy og distriktet elles til vidare vekst. Det er ikkje berre folkevekst og nye vegsamband som er viktig for omsetning:

– Det er superviktig å tenkje gjennom kva ein gjer når ein planlegg ein butikk. Mange kan ha noko å hente på små grep, seier Storøy.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

– Det er kjempepositivt at Volda er på rett veg

Torill Hasfjord Bjørneset
Fakta
  • Ålesund er med 112.000 kroner i omsetning per innbyggjar, den største handelskommunen på Sunnmøre. Auken er på 9,3 prosent siste fem åra.
  • Ulstein er nummer to med knapt 96.000 kroner per innbyggjar, ein nedgang på 4,7 prosent.
  • Eid har mista tredjeplassen til Volda, og er no på sjetteplass. Handelen i Eid har gått ned med 4,3 prosent.Volda hadde 83.000 kroner i omsetning per innbyggjar i fjor – ein auke på 25 prosent på fem år.
  • Stryn og Vågsøy held stand med høvesvis fjerde- og femteplass. Stryn vaks med 12,7 prosent til vel 80.000 per innbyggjar. Vågsøy fekk 10,7 prosent vekst, til vel 78.000 kroner per innbyggjar.
  • I tillegg til dei relativt store sentra Eid og Ulstein, hadde også Skodje, Ørskog, Sandøy, Sande og Stordal prosentvis nedgang i handelen.
<strong>Furene:</strong> Den sterke handelsveksten i Volda siste åra kan forklarast med dei store kjedene som har etablert seg i Furene, midt mellom Ørsta og Volda – sentralt ved Eiksundsambandet.

Furene: Den sterke handelsveksten i Volda siste åra kan forklarast med dei store kjedene som har etablert seg i Furene, midt mellom Ørsta og Volda – sentralt ved Eiksundsambandet.

Leses nå
 

Forsiden nå:

Beitostølen:

Kanonløp av Øvrebust

Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal vart nummer 10 på 10 kilometer fri teknikk under sesongopninga på Beitostølen søndag.

Byrjar med mottak av bilvrak

Ørsta-Volda får eit nytt alternativ når det gjeld å levere bilvrak.

Nektet å bli byttet ut

Volding var banens beste og målscorer da Molde slo Rosenborg

Etter en sesong med mye motgang, fikk Martin Ove Roseth (19) endelig noe å juble for.