Kraftig vind skapte trøbbel for Tussa Kraft i Ørsta. I 05.30-tida fekk politiet melding om brann i ein elektrisk stolpe i Skorgeura i Ørsta.

Det var ein bebuar som melde ifrå og straumen var då gått i hele området.

Tussa Kraft blei varsla, og dei melder at det var skjedd ein kabelavrivning som dei måtte fikse.

Fleire straumbrot

Fleire områder har vore utan straum på Søre Sunnmøre. Mellom anna Rjånes til Mørkabøen, Straumshamn til Høydalsvik, Bjørke til Kalvatn og Dale-Folkestad Straumshamn.

Dei fleste har sundag føremiddag fått straumen tilbake.

«Men Ørsta Stål og kundane under Ura er straumlause. Det er feil på forsyninga og vi arbeider med å rette feilen. Rettetid ca kl. 14.00,» skriv Tussa på sine nettsider.

Tafjord Kraft har ingen meldingar om straumbrot sundag føremiddag.

Har du bilete eller tips i denne saka? Meld til tlf. 95400400 eller epost 95400400@smp.no.

Trafikktrøbbel

Norled meldte sundag morgon at hurtigbåtruta Ålesund-Hareid, og Hamsund-Kalvøya var førebels innstilt. Dei ville vurdere oppstart av ruta ut over dagen om vêrforholda blei betre.

Det blei buss med avgang Ålesund hurtigbåtterminal klokka 11.55 til Sulesund, og klokka 13.00 fra Sulesund til Vigra Flyplass. Passasjerar som ville tatt hurtigbåt med avgang Hareid klokka 12.25 måtte nytte ferja frå Hareid til Sulesund.

Klokka 12.39 melder Norled at Hareidruta vil gå som normalt frå klokka 14.55.

Ferjeleiet Molde-Vestnes på E39 var òg stengt ei ein kort periode sundag føremiddag. Like før klokka 11 melder Fjord1 at ferjeruta er open, men trafikantane må innstille seg på forseinkingar grunna uvêret.

Hurtigruta blei og hindra av uvêr sundag. "MS Finnmarken" blei liggande lenger i Måløy enn planlagt. Den gjekk derfå fyrst klokka 12 og går direkte til Ålesund. Stopp i Torvik og Molde er kansellert.

Trær i vegen

Sundag føremiddag meldte Vegvesenet om kolonnekøyring på rv. 15 over Strynefjellet på grunn av uvær. E6 over Dovrefjell var helt stengt.

Uvêret har også ført til nedblåste trær fleire stader på Sunnmøre. Like før klokka 05 fekk politiet melding om eit tre i vegen på fv. 60 i Velledalen i Sykkylven.

Personen som melde ifrå hadde delvis køyrd inn i treet.

Klokka 05.20 kom det melding om eit tre som stengde ein av køyrebanene på Glomset. Begge deler er meld til Vegmeldingssentralen, som har varsla Mesta for opprydding.

Det ble også meldt om nedblåste trær i Haram og Ørskog.