Mykje meir enn sukker og smør

Det blir ikkje jul utan.... Og så har alle kvar si meining. Men kva som er Nordvestlandet sine sju sortar julekaker kan du vere med på å stemme fram.

Kari Ryslett, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, trur ikkje julekaker vert umoderne. – Nokre kjenner på maset og prestasjonspresset rundt julekaker, men for mange er det ei kosestund å lage julekaker. Det er ein relativt ny tradisjon og noko ein gjerne gjer i lag med barn, familie og vener. Pressefoto: Ann Karene Rasmussen, Høgskulen i VoldaFoto: Ann Karene Rasmussen, Høgskulen i Volda

– Julekaker er gleda over å kome heim til jul, at ting er som dei alltid har vore

Kari Ryslett
Julekaker
  • Småkaker til jul er ein heller ny tradisjon som for alvor breidde om seg med den elektriske komfyren.
  • Sju sortar er ein norsk tradisjon. Sjutalet er eit symbolrikt tal mykje brukt innan religion og magi.
  • Smultringar, sandkaker, sirupssnippar, berlinerkransar, goro, krumkaker og fattigmann er kåra til Norges sju sortar.
Nyheter

Kari Ryslett er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og underviser i studiet Matkultur og helse.

Ho fortel at då ho nyleg innleia til temaet julekaker for studentane, så sat dei nesten med tårer i augo.

– Julekaker er gleda over å kome heim til jul, at ting er som dei alltid har vore. Bestemte kakesortar som tilhøyrer familia si historie og tradisjon er viktig. Julekaker er med på å skape samhald, felleskap og identitet.

Avstemminga på smp.no vil pågå fram til 16. desember. Resultatet blir presentert i Sunnmørsposten før jul.

Elektrisk komfyr

Ryslett fortel at julekaker er ein ganske ny tradisjon.

– Småkakene kom ikkje inn i norske heimar før vi fekk den elektriske komfyren. Det var for vanskeleg å steike småkaker i vedfyrte omnar. Lefser og anna bakst var enklare.

– Men det blir fortalt at i Kristiansund var det vanleg med hushjelper som sprang med bakebrett over gata til bakaren, for å få kakene steikt der.Julekakene kom for alvor med komfyren og husmoridealet.

– Det var knappe tider, men til jul skulle ein leite fram det finaste mjølet og sukker og lage dei finaste og mest kunstferdige kakene som berlinerkransar og bordstabelbakkels. Kari Ryslett fortel at sjølv om julekakene for alvor vart utbreidde utover på 1900-talet, så hadde det då vore småkakebakst i Norge i hundre år.

Del dine advent- eller bakebilete med andre lesarar ved å bruke hashtaggen #smpjul eller #smpno på Instagram.

Kaker i høgsulestudium

Hanna Winsnes kom med Norges første kokebok «Lærebok i de forskjellige Grene af Huusholdningen» i 1845. Her var det oppskrifter på julekaker.

Desse kakene har sin sjølvsagde plass i høgskulestudiet «Matkultur og helse».

– Det handlar om praktiske ferdigheiter, matkultur og føre tradisjonar vidare.

Lærarar i faget mat og helse må kunne å lære frå seg julebakst til skulebarn. På skulane rundt omkring i fylket vert det baka alt frå avansert julebakst som lefser til enklare sortar som elevane set på brett med skei

– Og sjølvsagt julemenn!

Kva bakar du? Eller kjøper du heller kakene i butikken? Sei di meining i kommentarfeltet!