Det bles kraftig i kyststroka på Nordvestlandet no i morgontimane. Førebels har politiets operasjonssentral i Ålesund fått melding om to bussar som har vorte blåst av vegen. Den eine på Godøya og den andre på Vigra.

Klokka 06 blas ein buss utan passasjerar av vegen på Godøy.

- Sjåføren er uskadd. Det er svært sterk vind i området, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård.

Bussen ligg slik til at den sperrar vegen.

Tre skadd då buss blas av vegen

Klokka 06.10 havna flybussen i grøfta i den sterke vinden.

- Tre passasjerar er lettare skadd, opplyser Ødegård.

- Dette er ei kraftig påminning om korleis det kan gå når veret er som det er akkurat no. Vi vil be folk vurdere nøye om det er nødvendig å reise i dag. Ei ekstra åtvaring gjeld opphald på bruer og fyllingar. Slike stadar bør folk halde seg borte frå, seier Ødegård.

Stengde bru og tunnel

Det bles orkan i kasta på øyane Godøy, Giske, Valderøy – Vigra.

- Dette medfører at politiet har etablert sperring av trafikken ut til Giskeøya, sa Ødegård tidleg fredag morgon.

Også Godøytunnelen var ein periode stengd. Begge var opna ved 08-tida.

- No slepp vi over dersom vi køyrer på eige ansvar, fortel Chris Erik Andersen til smp.no. Han var ein av dei som måtte vente på å få sleppe over brua.

- Eg merka at det tok i bilen, at bygene tok godt, fortel han.

I Søvik i Haram blas ein bil av vegen klokka 06.30. Her vart ingen personar skadd.

Delar av et løetak vart også teken av vindkasta i Grytastranda i Haram i 06.30-tida. Her fekk eit køyrety skadar.

- Det er også skade på ein kabel over vegen på Grytastranda. Personbilar kan passere, men ikkje større kjørety, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård.

Vegtrafikksentralen er varsla om straumkabelen.

Lammar trafikken

Uveret har ramma rutegående trafikk i dag. Hurtigbåtruta mellom Hareid - Ålesund og Valderøy er frå klokka 06.45 innstilt inntil vidare, det same gjeld ferjesambandet Årvika - Koparnes. Sjå elles reiarlaget Norled sine eigne nettsider.

Flytrafikken er sterkt råka over Ålesund lufthavn Vigra og her er det tryggast å halde seg til Avinor sine nettsider for oppdatert informasjon og ringverknader.

Flyplassen er stengd

All trafikk på Ålesund lufthavn Vigra står stille fredag morgon. Også ved Ørsta Volda lufthamn Hovden vart morgonfly innstilt fredag.

Avinor sine nettsider får du oversikt over innstilte og forsinka flyavgongar.

Har du tips eller bilder frå uvêret? Tips oss på 95 400 400 eller 95400400@smp.no!

Bergingsbil arbeider her med å få bussen opp frå grøfta. Bussen blas av vegen nokre hundre meter frå innkøyringa til Vigra, i retning Valderøya. Foto: Staale Wattø
Det er svært glatt på vegane fredag. Her har ein bil havna utanfor vegen vest for flyplassen på Vigra. Foto: Staale Wattø
Denne lastebilen vart blåst av vegen ved Rema 1000 i Brattvåg. Foto: Øyvind Sæth
Giskebrua vart stengd i morgontimane på grunn av sterke kastevindar. Foto: Chris Erik Andersen
Hurtigbåt-ruta mellom Hareid og Ålesund er innstilt fredag morgon. Foto: Olav Sindre Rise