Nedpå og stemningsfullt

I dag byr Stig Ulv på ein lun gitarkonsert på Scena.

Kven:

Stig Ulvestad, med artistnamnet Stig Ulv er frå Ørsta. 33-åringen jobbar med IKT ved Helfo, som driv helseøkonomiforvaltning.

Har gitt ut to album på CD, vinyl og ligg på WiMP, Spotify, iTunes med «Strengetonar» (2012) og «Klimprar» (2013).

Kvifor:

– Musikken er min måte å uttrykke meg på, som eg gjerne vil formidle til publikum. Målet er å lage så gode melodiar og arrangement at folk hugsar dei. Dessutan legg eg stor vekt på finne dei rette titlane på låtane.

– Titlane er på nynorsk, det er inga tekst i låtane mine. Men alle låtane har si eiga historie, og alle ber preg av omgivnadene mine. Slikt fortel eg om når eg held konsert. Det gjer eg både for at folk skal lytte når eg spelar, og for å skape ei avslappa, lun atmosfære.

– Kva har det å seie for deg å opptre på Scena?

– Berre det å bli spurt, og dermed blitt lagt merke til av Sunnmørsposten, betyr svært mykje. Å få spele for «live» for eit så stort publikum som Scena på smp.no har, gir meg høve til å nå folk over heile landet. Det er stort.

Under dagens minikonsert skal Stig Ulv spele låtane «Strengetonar», «Frostskodde» og «Ro».

Kva no?

– Neste år skal eg spele inn ny plate, det blir ei studioplate og kanskje ei liveplate med turneopptak, fortel artisten som etter at albuma hans kom på platemarknaden har hatt rundt 100 spelejobbar rundt om i landet i fjor og i år.

– Den siste blir «Superfest» på Kampen Bistro i Oslo der ei rad norske artistar skal delta, fortel Stig Ulv som allereie har turnelista for halve 2014 klar.

– Då legg eg og gitarane mine ute på speletur på Aust- og Sørlandet. Til sommaren står Nord-Norge for tur. Kvar helg og ferie går med, fortel artisten som drøymer om å kunne leve av musikken sin.

– Musikk er ei hard bransje, så eg har innsett at det å delvis livnære meg som musikar er meir realistisk, seier han og legg til med eit skeivt smil:

– Eg egnar meg ikkje som festmusikar, men leitar etter lyttande publikum over heile landet.

Scena: Liv Håker

Liv Håker er først ut med lunsjkonsert på Scena. På smp.no får du hver fredag fram til jul en ny konsert med lokale artister.

Scena er Sunnmørspostens kulturscene på smp.no
Scena er meint som arena for å løfte fram lokale artistar.
Med 200.000 unike brukarar på smp.no i veka, gir det mulegheit til å nå eit stort publikum.
Kvar fredag fram til jul kjem ein minikonsert med ein ny artist på nettet.
Dei som ønskjer å delta på Scena, kan kontakte Sunnmørsposten
Tidlegare Scena-artistar: Liv Håker og Ørjan Liavåg

 

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
<strong>Scena:</strong> Nettsidene til Sunnmørsposten har 200.000 unike brukarar i veka. – Eg kan nå folk over heile landet, seier Stig Ulv.
(Foto: Staale Wattø)

Scena: Nettsidene til Sunnmørsposten har 200.000 unike brukarar i veka. – Eg kan nå folk over heile landet, seier Stig Ulv. Foto: Staale Wattø

Leses nå
 

Forsiden nå:

Ørnulf Opdahl åpner ny grafikkutstilling i Khåk kunsthall, og fyller fortsatt Kube

Kunstneren tar plass

Ørnulf Opdahl forsvarer valget av dronning Sonja som utstillingsåpner på Kode i Bergen, samtidig som han selv fyller både Kube og Khåk i Ålesund.

50 ganger i Tyrkia - svikter ikke i år heller

Reiseselskapene har droppet Tyrkia og terrorfrykten skremmer mange. Likevel er det noen som drar tilbake til sitt ferieparadis.

Apple Music satser på Sigrid Raabe

I en måned promoteres Sigrid Raabe på Apple music.

Birgitte Ringstad Vartdal tildeles anerkjent pris:

Hedres som kvinne i mannsdominert yrke

Viste fram splitter ny samdriftsfjøs på Vigra:

Satsar på ammekyr

– Eg var ikkje så gira på samdrift i starten, men for to år sidan var eg klar.