Alle dei drygt 200 tilsette hos den største, private arbeidsgjevaren i Stranda har fått varsel om at det kan bli gjennomført permitteringar frå 20. desember.

– Det er viktig å streke under at dette berre er eit varsel. Vi har ikkje bestemt enno om det blir gjennomført permitteringar, heller ikkje kor mange det vil gjelde - og kor lenge det vil vare. Det vil heile tida blir gjort ei løpande vurdering, seier Jarle Myming, nestleiar ved Norsk Sjømat AS på Stranda.

Dyr råvare

Han forklarer at prisane på laks nyleg passerte 50 kroner kiloet. Då blir det så høge prisar at dei får store problem med å ta det inn att på varene dei skal selje.

– Hadde det vore betre om Norsk Sjømat hadde eigne oppdrettsanlegg?

– Ja, klart det. I dag har vi berre ein konsesjon på i underkant av 1.000 tonn. Det blir lite når vi må ha 15.000-16.000 tonn kvart år, seier Myking.

Langvarig

Problemet med høge lakseprisar har vart lenge. Allereie då 2012-rekneskapen for Norsk Sjømat vart offentleggjort tidlegare i år sa administrerande direktør Per Magne Grøndahl til Sunnmørsposten at dei i fjor måtte bruke mykje meir pengar enn tidlegare på å skaffe seg råvarene:

– Dersom vi skal klare å halde oppe arbeidsplassane i Norge, treng vi mykje meir eigenprodusert oppdrettslaks. Dei som styrer må sleppe oss inn på begge sider av verdikjeda, sa Grøndahl då.

– Den dagen vi ikkje lenger tener pengar, kan vi ikkje halde fram å vere her, la sjømatdirektøren til overfor Sunnmørsposten.

Sidan dette intervjuet vart gjort har imidlertid oppdrettslaksen berre blitt enda dyrare.

Til heile verda

Norsk Sjømat AS foredlar fiskeprodukt som blir selde til heile verda. Dei tre største marknadene er Norge, EU og USA/Canada.I fjor selde bedrifta foredla laks og aure for 601,6 millionar kroner, og fekk eit driftsresultat på 33,2 millionar. Sjøl om dei omsette for 54 millionar kroner meir enn året før, så vart resultatet redusert med 21 millionar kroner på grunn av dei høge lakseprisane.

I dialog

– Er det andre moglegheiter enn permitteringar?– Ja, det er jo å forhandle fram prisar som er til å leve med. Dessutan kan det jo vere at lakseprisane ikkje blir like høge framover. Men prognosane for 1. kvartal neste år tyder ikkje på det, seier Jarle Myking.

Norsk Sjømat AS har også søkt om oppdrettskonsesjonar, utan å lykkast så langt.Jarle Myking kan ikkje hugse at det tidlegare har vore permitteringar ved Norsk Sjømat AS.