– Eg har tenkt på dette med bryggeri i fleire år. Her på garden, ja i heile bygda, er det lange tradisjonar for ølbrygging, seier Døving.

Sjølv lærte han seg kunsten av faren og bestefaren. Dei brygga alltid øl til jul og påske.

– Sjølv brygga eg mitt første øl som 18-åring, fortel Døving, som no er blitt 41.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Løyve

Etter mykje papirarbeid har han no løyva på plass. Helsedirektoratet og Mattilsynet har sagt sitt, og Døving har så smått starta med ølbrygginga.

– Eg kunne ha kjøpt eit fiks ferdig produksjonssystem, men har vald å lage det sjølv. Då fekk eg det akkurat slik eg ville, og det vart dessutan rimelegare, forklarer han.

Det er mange som lagar pils, så han siktar seg i staden inn mot sterkølmarknaden. Iallfall i første omgang.

– Eg vil lage sterkøl på mellom 5,8 og seks prosent. Eg synest ølet blir betre på smak når det har litt meir fylde. Dette sterkølet har eg planar om å få seld på Vinmonolet og på stader med skjenkjeløyve. Eg har hatt følarar ute, og tilbakemeldingane er gode, seier bryggaren.

Sambuar Synnøve Bjørnstad skal hjelpe han med marknadsføringa, og etikettane til dei tre øltypane Bjønnstein pale, Osen lager og Juleøl har Kari Eide laga. Alt saman bli marknadsført som tradisjonsbrygg frå Norddal.

Døving planlegg også ein fjerde øltype, knytt opp mot Herdalssetra.

– Kva med namnet Tonga?

– Det er namnet på staden her, uttalt Tongå. Det kjem nok av at det ser ut som ei tunge i dalen.

Hobby

Til vanleg er Stein Harald Døving maskinarbeidar. Ølbrygging har fram til no berre vore ein hobby.

Men håpet er at han ein dag skal kunne leve av brygginga. Ja, kanskje skape meir enn ein arbeidsplass, også.

– Det er difor eg tek dette eit steg vidare no. Og det første målet mitt er å kunne produsere 5.000 liter øl i året. Då får eg bli med på NM i juleøl, legg han til.

– Kva er løyndomen bak eit godt øl?

– Det meiner eg er å få fram mykje maltsmak. Ein må dessutan nytte rett humle – og så er reinsemd viktig for å få fram eit godt øl, svarer bryggaren i Norddal.

Følg smp.no på Facebook

Førebels kan Tonga gardsbryggeri by på tre typar øl, men fleire kan kome etter kvart.