I eit telefonmøtemandag ettermiddag bestemte Stranda Hamnevesen KF at dei tilrår kommunestyret iStranda å anke saken til lagmannsretten.
– Vi tilrårkommunestyret å anke dommen. Dette da vi meiner det er brukt feil lovtolkning ogjuss, seier Rita Berstad Maraak som er hamnesjef i Stranda Hamnevesen.
Krev samme havneavgift
Usemja mellom hamnevesen og Hurtigryten er fra hausten 2011 då Stranda Hamnevesen vedtok å krevje same hamneavgift frå Hurtigruten som frå cruiseskipa.
Det nye frå 2012 var at hamnevesenet ville ha avgift for alle passasjerar som er om bord i hurtigrutene, ikkje berre dei som gjekk i land. Tidlegare har Hurtigruta berre betalt for dei passasjerane som har gått i land, medan cruiseskipa heile tida har betalt for alle passasjerane.
Må betale 1,7 millioner i erstatning
Tingretten sa idommen at retten ikkje fann det sannsyneligjort at Stranda Hamnevesen haddesærskilte kostnadar til passasjerbekvemmeligheter for Hurtigruten sinepassasjerar, korkje for dei som går i land eller dei som forblir i skipa.
I tingretten varthamnevesenet dømt til å betale Hurtigruten 726.750 kroner i erstatning, samt ådekke Hurtigruten sine sakskostnader på 939.363 kroner.