Men først må regjeringa bestemme kvar vegen skal gå. Tysdag skal samferdsleministeren med sjølvsyn sjå vegar, fjordkryssingar og tunnelar som er aktuelle for å korte ned reisetida på strekninga frå Skei i sør til Ålesund i nord.

Strekninga er ein del av E39 frå Kristiansand til Trondheim. I løpet av 20 år skal reisetida på stamvegen på Vestlandet kuttast frå 20 til 13 timar. Det skal blant anna skje ved å fjerne sju eller åtte ferjestrekningar.

Møter dei involverte

På eit møte i Ørsta måndag kveld skal Solvik-Olsen møte representantar frå dei forskjellige kommunane som har interesser i trase-valet. I tillegg kjem det representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, og selskapa Nordfjordbrua (Anda-Lote), Gode vegar (Svarstadbrua), Hafast og Fefast i Ørsta. Her skal partane få tale si sak til samferdselsministeren.

Kuttar timar

Frå Skei til Ålesund bruker ein i dag tre timar og 20 minutt (200 minutt). Med ferjefri løysing kan ein vere framme på godt under to timar (100-120 minutt), ifølgje utrekningar Statens vegvesen har gjort for ulike vegalternativ.

Både på Sunnmøre og i Nordfjord står striden om to alternative veglinjer.På strekninga Skei–Volda er spørsmålet om vegen skal gå etter midtre eller indre linje. Midtre vil følgje dagens E39, men føreset at det blir bygd bru over Nordfjorden frå Anda til Lote. Det må også byggjast tunnelar i Stigedalen og bru over Austefjorden eller Voldsfjorden. Indre linje tek utgangspunkt i Kvivsvegen frå Volda til Hornindal som i utgangspunktet blei bygd som E39. Vegvesenet har også tilrådd å bygge vidare på Kvivsvegen sørover. Blir denne løysinga valt, er ei av dei åtte E39-ferjene allereie fjerna – strekninga Volda-Folkestad. Men ein vil måtte byggje bru over Nordfjorden i Stryn. I første omgang krevst det tunnel gjennom Utvikfjellet og opprusting av Olden-Innvik, for til saman 1,3 milliardar kroner. Prisen inkludert bru blei i si tid rekna til 4,5 milliardar kroner.Skilnaden i reisetid er ikkje så stor på dei to alternativa. Indre kuttar reisetida med 70 minutt, og du vil bruke ein time og fem minutt på turen. Midtre linje med bru over Austefjorden vil gi reisetid på 69 minutt, for 6,5 milliardar kroner. Ei lengre bru over Voldsfjorden vil kutte ned reisetida til 66 minutt, men auke kostnaden med ytterlegare to milliardar kroner, ifølgje vegvesenet. Men kostnaden er usikker, og dei som kjempar for midtre viser til at ny bruteknologi gjer det langt billigare å byggje bruer enn det vegvesenet rekna med.

Voldatunnel

For strekninga Volda-Ålesund kom ikkje Statens vegvesen med noko tilråding, fordi det er teknologisk krevjande å krysse Storfjorden. Og det er også rekna med langt høgare ferjefri-pris på strekninga nord for Volda, uansett om ein vel å følgje dagens E39 og krysse ved Festøya (Fefast) eller gå over Hareid (Hafast).

Hafast med tunnel i ytre Sulafjorden vil kutte reisetida mellom Volda og Ålesund med ein halvtime, medan Fefast og bru vil gjere køyreturen 42 minutt kortare. I dag tek turen frå Volda til Moa ein time og 25 minutt, ifølgje Google.To prosjekt som kan byggjast, uavhengig av om ein vel Hafast eller Fefast, er Voldatunnelen, til nær ein halv milliard kroner, og kryssing av Ørstafjorden. Dette vil gi 15 minutt kortare reisetid mellom Volda og Ålesund. I påvente av ferjefri kryssing av fjorden, vil 20-minutts avgangar på ferja, også gi fem minutt innspart ventetid.

Arbeidsmarknad

Anleggskostnad og reisetid er likevel ikkje alt som tel når regjeringa skal skjere gjennom i E39-saka. Viktig blir det også at vegen skal binde saman bu- og arbeidsmarknader.

Hafast-forkjemparane sitt sterkaste argument er å knyte betre saman den sterke næringslivsklynga på ytre Sunnmøre med Ålesund. Ferjefritt samband vil gi endå tettare bu- og arbeidsmarknad. Slike vegprosjekt vil kunne byggjast uavhengig av E39-status, men dette handlar om pengar. Når staten skal bruke 100 milliardar kroner på stamvegen, er det viktig å bli ein del av E39, slik at ein er sikra statleg finansiering på prosjekta.