Bussane mellom Stryn og Volda har i snitt hatt ein til tre reisande etter at Kvivsvegen opna.

– Du skulle vore her i går. Då var det ti passasjerar her, smiler Anders Beinnes, sjåfør på bussen som nettopp er komen gjennom Kviven frå Stryn til Volda.

Spøkjer

Onsdag ettermiddag er bussen tom, og no spøkjer det for det meste av busstilbodet på Kvivsvegen.

– Det er for gale at ei fylkesgrense skal hindre rutetilbodet, seier rådgjevar Øystein Hunvik i Sogn og Fjordane fylkeskommune som har skrive saksutgreiinga som inneber at busstilbodet på Kvivsvegen i stor grad blir lagt ned.

Bussrutene har vore spleiselag med Møre og Romsdal. Fylkestinget her sa nei til å betale for tilbodet. No ligg det an til det same i Sogn og Fjordane.

Fornøgd

På veg tilbake frå Volda får Beinnes med seg ein passasjer som skal vidare med ekspressbuss frå Stryn til Oslo.

– Eg er veldig fornøgd med denne bussen, og det blir negativt for meg om dei kuttar ruta. Dei bør finne ei løysing, oppmodar Anny Tømmerbakk, opphavleg frå Ørsta.

Ho får støtte av Volda-ordførar Arild Iversen.

– Eg forventar eit godt kollektivtilbod gjennom Kviven i åra framover. Fylkeskommunane bør klare å få til eit godt tilbod på tvers av fylkesgrensene. Dei skal tene innbyggjarane og har ansvar for å organisere eit godt kollektivtilbod, seier Iversen og legg til:

– Viss dei ikkje ser seg syn med det, så må ein jobbe vidare opp mot staten for å sikre tilbodet.

Han meiner forklaringa på få reisande er at rutetilbodet er for dårleg.

– Det må vere meir regelmessig busstilbod, og det må marknadsførast, så trur eg det er marknad, seier han.

Staten

Tilrådinga til politikarane i Sogn og Fjordane er at ein tek nytt initiativ over for departementet og nabofylka for å få på plass eit overordna samarbeid.

I papira går det fram at fylkesgrensene ikkje er naturlege grenser for kor folk ønskjer å reise. Eit godt utbygd fylkeskryssande rutenett er med å styrkje regionane på tvers av fylkesgrensene.

Følg smp.no på Facebook

Bussane frå Stryn korresponderer med Timeekspressen, slik at dei reisande kan kome seg heilt til Kristiansund. Foto: ANNE-MARI TOMASGARD
Volda-ordførar Arild Iversen meiner det er feil at fylkesgrensa blir stengsel. Foto: Anne-Mari Tomasgard