Dette seier fylkesmann Lodve Solholm som svar på kritikk nynorskforkjempar Terje Kjøde i Ørsta har sett fram mot han på Facebook.

Kjøde er leiar i Sunnmøre Mållag og styremedlem i Noregs Mållag.

Kritikk

Då det vart kjent at departementet har nemnt opp fylkesmann Lodve Solholm som ein av to offentlege styremedlemmer i Nynorsk kultursentrum, var Terje Kjøde raskt frampå med kritikk på Facebook.

Der hevdar han mellom anna at ein fylkesmann har eit nøytralt ombod som ikkje er i samsvar med styrearbeid. Han meiner også at Lodve Solholm representerer eit parti som i rikspolitikken har «gjort kva det kan for å undergrave nynorsk språk».

Lodve Solholm tykkjer ikkje om kritikken.

– Eg synest desse synspunkta er både litt triste og noko smålege. For det første er det departementet som har spurt meg om å vere med i styret, eg går ut frå at dei kjenner regelverket godt.

– Personleg gjekk eg av som styreleiar i Ålesund parkering umiddelbart etter eg vart fylkesmann for fire og eit halvt år sidan, då dette har rein kommersiell drift, fortel Solholm.

Han meiner det stiller seg annleis med ei ideell stifting.

Nettverk

– Kva med kritikken mot partiet ditt i språksaka?

– Rett nok har eg æresmedlemskap i Frp. Og eg har både teke – og tapt mange kampar i partiet om målsak då eg var aktiv på Stortinget. Eg var også medlem i Løvebakken Mållag. Men alt dette er no historie. Eg held på retten- og lysta mi til å gjere ein ekstra innsats for nynorsken dei komande fire år, slik eg er bedd om, seier Solholm.

Han trur ikkje det skadar saka å ha eit stort nettverk.

– Eg har i fire år vore den raudgrøne regjeringa sin forlenga arm her i fylket, og kjenner dei alle. Det same gjeld folka i den sitjande regjeringa, pluss ei rekkje andre, stadfestar Lodve Solholm.

Terje Kjøde avviser ikkje at han har sett fram kritikk, men seier han ikkje ønskjer å kommentere saka no.