–Dette er kjempeflott å høyre. Vi hadde faktisk avskrive dette ankeret, seierdriftsdirektør Karl Danielsen i stiftinga «Fullriggeren Sørlandet».

– Dei har gjort ein utmerkt jobb, held Danielsenfram.

Og det var eit stolt dykkarteam, beståande avRemi Stridh, Morten Stridh og Marius Remøy, som torsdag ettermiddag kunne posereved sidan av eit drypande vått anker som nettopp var blitt heist trygt på land.

I bakgrunnen stod to gode lokale medhjelparar:båtførar Stian Peter Merok og gravemaskinførar Svein-Inge Westerås.

Mista ankeret

«Sørlandet» mista ankeret under eit besøk iGeiranger i 2011. Årsaka var at det ramla av ei bit av ankeret der festet var.Karanefrå Hareid dykka etter ankeret både i 2011 og 2012, utan å finne det. I januari år var dei tilbake, framleis utan hell.

No er ankeret funne. Les reportasje om hevinga i papiravisa i morgon.