May Kristin Bolli (43) vert første kvinnelege rektor i Møre folkehøgskule si 115 år lange historie. 1. august tek ho over etter Odd Stenvåg, som har hatt rektorjobben i 18 år.

– Det er på tide damer får sleppe til. I eit demokrati er det viktig at alle sine stemmer vert høyrde – også kvinner sine. Eg gler meg veldig til å ta til i jobben, seier Bolli.

Ho er opphavleg frå Nordmøre, men har budd i Ørsta sidan 2007, der ho no jobbar som lærar på Ørsta vidaregåande skule.

– Eg har utdanning og erfaringar som passar til stillinga som folkehøgskulerektor. I tillegg har eg alltid hatt ønske om å bidra og delta i samfunnet, påverke og motivere til vekst, fortel Bolli.

Leiing

Den påtroppande rektoren har ein cand.mag.-grad, mastergrad i leiing og ein heilt fersk eksamen i personalleiing. Bolli har tidlegare vore leiar både i skulen og i næringslivet.

– Det vert nok forandringar med meg som leiar for folkehøgskulen, men ikkje først og fremst fordi eg er dame. Som leiar meiner eg det er viktig å huske på at ein leier menneske, og jobbe for gode relasjonar og god kommunikasjon med kvarandre.

Draumejobben

I tillegg til Bolli får Møre folkehøgskule ei ny dame til i leiargruppa. Etter påske startar Berit Haugland (56) frå Bergen i jobben som internatleiar. Ho tek over etter Alfhild Standal.

– Då eg las stillingsutlysinga gjekk det opp for meg at dette er draumejobben, fortel Haugland.

Ho har budd i Volda i to år, og har jobben som butikksjef på Nille. 56-åringen har bakgrunn frå administrasjon og mellomleiing i BKK.

– Som internatleiar får eg bruke meir av breidda i meg. Eg får vere både ein omsorgsperson for elevane, og ein administrator og organisator som inngår i leiargruppa saman med rektor og inspektør.

Pensjon

Internatleiaren har også ansvar for sommarhotellet som folkehøgskulen driv.

– Eg trur at dei tilsette i det 115. året til folkehøgskulen får den beste rektoren vi har hatt.

Stenvåg meiner Møre Folkehøgskule heile vegen har vore innovative og lagt eit godt grunnlag for vidare framgang.

– Og med desse to nye damene i leiinga kan det berre gå enno betre, smiler Stenvåg.

Møre Folkehøgskule ligg i Ørsta sentrum. Om sommaren vert drive hotell i internatdelen. Foto: Knut Arne Aarset