21 år gamal rodde eventyraren Ragnar Thorseth (66) frå Måløy til Shetland. Farkosten var ein femten fots færing, bygd av Per Bjørneset på Bjørnaset i Volda. Færingen har vorte konservert museumsgjenstand, og Bjørnaset-Per lever ikkje lenger.

Det gjer derimot båtbyggjaren Jakob Helset (77) i grannegrenda Bjørkedalen. Han vart difor det naturlege valet då Thorseth gjekk i marknaden på jakt etter ein kopi av den legendariske nordsjøkryssaren - frå sin aller første av mange ekspedisjonar.

Seniorane

– Eg har kalla dette eit seniorprosjekt. Både på grunn av min eigen alder og utgangspunkt, og ikkje minst ti år eldre Jacob Helset, som er ein fantastisk flink båtbyggjar - og dessverre ein av dei siste i sitt slag, seier Thorseth til Sunnmørsposten. Vi var med på ei av Thorseth sine synfaringar av nybygget.

Jakob Helset for sin part skubba eit anna nybygg ut i tid, då han høyrde kven som var på tråden - og kva han ville ha.

– Du kan skjøne eg strekte meg langt får å kome ein slik kunde i møte. Han har kontrahert mange farkostar her i bygda, men aldri hos meg - og i denne målestokk, smiler Helset.

Avansert

Dette vert hans byggenummer 102, med levering før påske. Færingen skal spesialinnreiast for avansert elektronisk utstyr, han får overtrekkspresenningar forut og akter og har spesialhengsla tofte for lett rigging av soveplass over fremre kjøl. Han er også bygd med ekstra dimensjonerte bord i botnen. Thorseth planlegg avreise i juni 2015, med startpunkt Bulandet i Sogn. Han vil også ro på returen heimatt.

Reprise

– Ragnar Viking ror igjen..?

– Ja, det var dette eg enda opp med som eit høveleg utfordrande - men også gjennomførleg prosjekt. Ragnar rir igjen var uaktuelt. Eg ligg alt i hardtrening, avslører Thorseth, som var døden nær og låg vekevis i koma etter ei rideulukke for 14 år sidan.

Krav

– Korleis er førebuingane?

– Eg har gifteplanar med ei flott dame i Thailand. Men ho stilte krav. Eg måtte slutte å røykje, og eg måtte bort med magevolumet og kome i fysisk form.

– Det første er i orden, og eg har alt gått ned 20 kilo. Eg har også vore på to dagars hjartetest ved St. Olavs i Trondheim, og gått gjennom med godkjent. Vidare sit eg på roapparatet heime kvar einaste dag, fortel Thorseth. Han har kostnadsrekna prosjektet til 300.000 kroner, alt inkludert, og må lånefinansiere båten.

– Vona mi er at nokre i gjengen der ute vil fatte interesse og sjå verdien av dette seniorstuntet, med å sponse meg. Eg vil starte turen i Fosnavåg for å skape blest om dette maritime midtpunktet i kongeriket, seier han. At han vil kome heilskinna også frå denne ekspedisjonen, er han ikkje eit sekund i tvil om. Likevel:

– Det går som det går. Å leve inneber uansett og alltids ein viss risiko. Det er det som er å leve, slår Ragnar Seniorviking Thorseth fast.

Måløy 1969:

Her ser du då Ragnar Thorseth forlet Måløy 24. juli 1969 med kurs for Shetland. Foto: Olav Humborstad

<strong>Skvettbord:</strong> Den nye færingen får ei ekstra bordhøgd for betre å kunne skvette frå seg havbåra - og gje meir innvendig plass. Her diskuterer tingar og utførande detaljar før innveden i færingen kjem på.
<strong>Utstilling:</strong> Ragnar Thorseth har fått sitt eventyrlege eventyrarliv dokumentert gjennom modellar og utstilling av alle farkostane han har har baksa på verdshav og polpunkt med. I midten modell og bildet av Volda-færingen han rodde Shetland med som 21-åring, frå 24. juli til 3. august 1969. Ishavsmuseet, Brandal.
<strong>Skulptur:</strong> Ragnar Thorseth og den førre Shetlands-færingen hans er grovskoren i tre og klinka i hop til varige åretak på Ishavsmuseet, Brandal i Hareid kommune.