Fekk pris for dette bildet

Sunnmørspostens Rush-prosjekt og dekning av Aksla-saka fekk óg prisar då Polaris Media heidra eigne redaksjonar.

Musikantane i Eidsdal musikkkorps tidleg om morgonen 17. mai i fjor i bygda Rønneberg. Foto: Nils Harald Ånstad

Sunnmørsposten-medarbeidarane (f.v.) Eirik Meling, Liv-Jorunn Håker Ottesen, Karl-Petter Løvoll og Nils Harald Ånstad med prisane frå utdelinga måndag.Foto: Alexander Worren

Nyheter

Bildet som Sunnmørspostens fotograf Nils Harald Ånstad tok av Eidsdal musikkorps, kapra prisen i fotoklassa då Polarisprisane 2013 vart delt ut i Ålesund måndag kveld.  

Følg smp.no på Facebook

Bildet er teke i bygda Rønneberg i Eidsdal i Norddal kommune tidleg om morgonen 17. mai i fjor. Musikantane i korpset er i full uniform og har teke oppstilling framfor eit publikum på sju tilhøyrarar.


Pris til Sunnmørspostens rushtids-test

Best i klassen «Storytelling» under Nordic Data Journalism Awards.

Rush-prosjektet til Sunnmørsposten fekk formidlingsprisen, medan redaksjonen fekk heiderleg omtale for dekninga av Aksla-saka.

Hovudprisen gjekk til Adresseavisa-journalistane Lajla Ellings og Mari By Rise for artiklane «Helsereisene».

Polaris Media er eit mediekonsern som mellom anna eiger Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Adresseavisa.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no