Dag Hessen, professor ved seksjon for akvatisk biologi og toksikologi ved Universitetet i Oslo, var på båttur til fuglefjellet og i lundeura på Runde torsdag kveld. Det vart ein kveld med blanda følelsar.

Taust

Han fortel at det uansett er ei stor oppleving å sjå lunden kome inn frå havet, og dei som var dei første gong, var overvelda.

– Men eg huskar første gongen eg var til Runde. Krykkjekolonien og den forrykande lyden. Og no var der heilt taust.

Hessen var på Runde Miljøsenter i samband med eit seminar om sjøfugl. Der var ei rekkje både akademisk utdanna og sjølvlærte fagfolk innan feltet. Geir Helge Systad, forskar ved Norsk institutt for naturforsking, var ein av dei. Han fortel om ein krykkjekoloni på Runde som har gått ned frå rundt 100.000 hekkande par til berre nokre titals par no. Det er også dårleg for toppskarven og havhesten.

Både han og Dag Hessen viser til klimaendringar som forklaring på det døyande fuglefjellet. Raudåta er basismaten for fisken som igjen er mat for fuglen. Men temperaturane i havet stig og raudåta flyttar seg nordover.

– Medan det tidlegare var overfiske som gjorde at det vart matmangel for fuglen, er det no endringane i økosystemet, seier Dag Hessen.

Men problemet er som Hessen påpeikar:

– Ingen bryr seg om raudåta!

Lundefugl-symbol

Svaret kan vere å køyre fram lundefuglen som symbol. Ein fugl alle kjenner.

World Wide Fund for Nature har med hell brukt pandaen som symbol for miljøkamp.

– Pandaen betyr ikkje så mykje i økosystemet, men om han forsvinn, vil det vere eit stort symboltap. Og slik er det viktig å bruke desse karismatiske symbolartane som det er lett å identifisere seg med.

Dag Hessen seier lundefuglen kan vere som gruvearbeidarane sine kanarifuglar. Dei vart sende inn i gruvene fordi dei tolte lite metangass. Dersom fuglane døydde, var det om å gjere for folk å kome seg raskt ut. Dei varsla eit farleg miljø.

– Lundefuglen er havets kanarifugl. Det er der vi ser effekten først.

På full fart nedover

Det har vore mange svært dårlege år for lundefuglen, før det vart eit lite oppsving i fjor. Men det handlar ikkje om svingingar frå år til år.

– Det er ikkje slik at ein kvar nedgang varslar dommedag, men klimaendringane er her. Havet er varmare. Næringskjedene i havet endrar seg, seier Hessen.

– Det er ikkje lenger snakk om gode og dårlege år. Det har vore ein negativ trend i fleire tiår og det skjer rundt heile Nordsjøbassenget, forklarer Geir Helge Systad.

Vekkje engasjement

Kva ein kan gjere, er høgst samansett. Dag Hessen peikar på at politikarane må legge til rette, industrileiarar produsere grønt og at folk må forbruke mindre. Då trengst det kunnskap og vilje til endring. Der peikar han på at Runde miljøsenter har ei viktig oppgåve med å formidle.

– Og så må ein vekkje engasjement. Vi ser utfordringane med eine hjernehalvdelen, men får ikkje den andre halvdelen til å reagere.

Eit godt råd kan vere å ta ein kveldstur i lundeura når denne forunderlege skapningen kjem flaksande inn frå havet. Og Hessen veit mange han gjerne skulle teke med dit.

Lundefugl. Foto: ROGER ENGVIK