Dei som reiser kollektivt i Møre og Romsdal vil i framtida ikkje sjå forskjell på dei ulike bussane.

Og på ferjene er det ikkje operatørens namn, som Norled eller Fjord1, som skal profilerast i framtida.

– På sikt vil dei reisande oppleve det dei møter i store byar som Oslo, Bergen og Trondheim. Her har dei samla kollektivtrafikken i Ruter, Skyss og AtB, noko som gjer kollektivkvardagen enklare for dei reisande, seier fylket sin samferdslesjef, Arild Fuglseth.

Gradvis innført

I Møre og Romsdal skal kollektivtilbodet heite Fram. På denne måten vil fylket tydeleggjere for alle at målet er å gjere det enklare og meir attraktivt å kome seg fram i trafikken.

– Etter kvart som nye kontraktar vert konkurranseutsett, overtek fylket marknads- og informasjonsansvaret. Vi har tru på at merkevara Fram vil tydeleggjere tilbodet overfor dei reisande, seier Fuglseth.

I løpet av våren blir det ei betydeleg oppgradering på 177mr.no, seier Guri Viken, marknads- og informasjonsrådgivar i Møre og Romsdal.

– Og før sommaren vil dei fleste bussar i Ålesund, Sula og Giske få betalingsterminal, seier Viken til Smp.no.