Viseadministrerande direktør Glen Bradley i reiarlaget Rostein merka seg kommentarar frå lokalpolitikarane i Hareid då Salmar fekk nei til oppdrettsanlegg to ulike stader i kommunen.

Fleire gav då uttrykk for at dei ikkje kunne sjå at kommunen hadde stort å vinne på å seie ja – mellom anna når det kom til arbeidsplassar.

– Eg vil oppmode dei om å ta ein telefon til det lokale næringslivet for å høyre om dei ser at verksemda til oppdrettsnæringa kjem dei til gode.

Lokale leverandørar

Bradley påpeiker at han ikkje kjenner den konkrete saka – og at han difor kjem med ei meir generell oppmoding: At politikarane løftar blikket og ser seg om etter andre areal som kan nyttast.

– Våre brønnbåtar transporterer levande laks for mellom anna Salmar. Og takka vere veksten i næringa har reiarlaget vore i stand til å byggje nytt. Om Salmar ikkje hadde hatt vekst, ville vi truleg ikkje kontrahert den nye brønnbåten «Ro Arctic» som vert bygd ved Larsnes mek i år, seier han.

Den 75,5 meter lange båten har innreiing for 14 personar og er fylt med utstyr frå mellom anna Jets, Hareid Elektriske, Ekornes og Rolls-Royce. I arbeidet med den nye båten til Harøy-baserte Rostein, har òg Skipskompetanse i Måløy vore med på designsida.

Det illustrerer korleis oppdrettsnæringa likevel skapar arbeidsplassar også lokalt i Hareid:

– Her er det direkte samanheng, meiner Bradley.

Ingen overrasking

Frp-politikar Perny-Ann Nilsen seier at det ikkje er noko nyheit for hareidpolitikarane at næringa tilfører lokalmiljøet store verdiar.

– Vi er klar over at dette både gir mat på bordet og arbeid for mange. Men vi skal spegle alle sidene ved ei sak og då vil det alltid vere nokon som ikkje er nøgde, seier ho til Sunnmørsposten.

Ho står fast ved at ei etablering av dei to oppdrettsanlegga vil tilføre lite i form av arbeidsplassar, mellon anna fordi Salmar ikkje er registrert i kommunen.