Dei to konkurrerte i kvar si klasse under bodyfitnesstevlinga Oslo Grand Prix i helga.

– Det er heilt fantastisk. Vi er på skyer begge to, jublar Nina Furseth på telefon frå Oslo.

Psyke vel så viktig som fysikk

Sjølv om bodyfitness handlar om å ha ein sterk og muskuløs kropp med naturlege proporsjonar, meiner damene det viktigaste med treninga er å halde seg i god fysisk og psykisk form.

– Vi tenkjer heilskap og det å ha ei sunn utstråling. Det å jobbe jamnt for å vere og sjå frisk ut er det viktigaste, hevdar Furseth, som dei siste dagane har fått høyre at ho stråla på scena.

I slike konkurransar vert dei nøydd til å sjå på kroppen som eit kunstverk dei kan forme. Då er det heilt greitt å bli vurdert med poeng.

– Vårt fokus er å byggje ein sterk kropp med muskulatur som skal halde i mange år. Eg ser det som ei investering i eiga helse, og eg jobbar mot stadig forbetring, seier Furseth frå Ulsteinvik.

Tidlegare verdsmeistar

Furseth er tidlegare verdsmeistar i sporten og jobbar som personleg trenar, kostrettleiar og dagleg leiar ved Aktiv trening i Hareid og Ulsteinvik. Belden, som kjem frå Måløy og bur i Langevåg, er sjukepleiar og tobarnsmor.

– Eg vart attkjend i Oslo, og det er veldig moro, synest Furseth.

Dei to er aktive på bildetenesta Instagram der dei postar oppdateringer på form og trening.

– Vi har fått så mykje fin kritikk etter konkurransen denne helga! Det er så hygeleg å sjå og lese at vi har teke oss godt ut på scena.

Steinalderkost

Dei siste tolv vekene før konkurranse har det vore diett med overvekt av proteinshake, kylling, ris, brokkoli, fisk og egg.

– Det er faktisk ikkje så stor forskjell på kva vi et på diett og elles. Livsstilen min er slik, med stort fokus på mat og trening, fortel Furseth.

Etter konkurransen var det likevel tid for solid påfyll, og på veg heim til Sunnmøre trippar Furseth allereie etter å få bruke energien til noko.

– Eg har ekstra energi og motivasjon, eg!

NM til hausten

I tida framover vert fokuset på norgesmeisterskapen i haust. Då stiller dei for same team som no, Oslo-baserte Team 24 fitness.

– Målet i NM er som no, rett og slett å kunne vere sikre på at vi har gjort vårt beste i førebuingane til tevlinga. Eg er veldig nøgd med 2. plass etter fire år utan konkurranse, og det at Synnøve som debutant opnar med sølv er kjempebra, synest Furseth som synest det er godt å vere tilbake i gamet.

For bodyfitness-utøvarane Synnøve Belden (t.v.) og Nina Furseth er førebuingane vel så avgjerande som sjølva tevlinga.
Synnøve Belden (t.h.) og Nina Furseth stilte i bodyfitness +168 under Oslo Grand Prix denne helga. Belden stilte i master-klassa for dei over 35 år. Foto: Alexander Worren