At Kjellen er i mot fastlandsssamband er ei kjend sak. Samferdsleksperten meiner eit ferjefritt samfunn vil auke strassfaktoren i samfunnet.

Da den nye regjeringa tok over regjeringskontora hadde eksperten eitt råd:

- Gløym Hafast, Fefast, Krifast, Møreaksen og andre akser. Det er ferja som løyser problema på dei fleste plan, i følgje Kjell Kjellen Bigset.

Hafast

I går fotalte Parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik og Helge Orten (H) i stortingets transportkomité at regjeringa har vedtatt at Hafast skal byggjast.

- Det blir månelyst vis dei røre ferja. Vi klarer oss aldri utan den, tordnar Kjellen.

I videoen over kan du sjå at han truar med å kome seg in på Stortinget om regjeringa ikkje gjer som han seier.

Velkomen

Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik ønskjer Kjellen velkommen inn i politikken.

- Eg inviterer han herved til vårt årsmøte. Eg skal ut av politikken etter denne stortingsperioda og nye krefter må ta over. Dette kan vere Kjellen sin sjanse, seier Nesvik til smp.no.

Fram til den tid vil Kjellen kunne jobbe på ferja i fleire år, i følgje stortingspolitikaren.

- Han er vel ein gamla mann som snart tar ut AFP? I så fall er han sikra ferjedrift til pensjonsalderen, humrar Nesvik.

Kjellen er i alle fall klar på at ferja har ein plass også i framtida.

- Sjøen er komen for å bli. Det er på tide at folk stressar ned og nyt ei svele, seier Kjellen.

Harald Tom Nesvik er parlamentarisk leder for Fremskritspartiet i Stortinget. Foto: Knut Arne Aarset
Thomas Ryste spiller Kjell Kjellen Bigset Foto: Stig Vågnes