- Sånn ja, flink du er. Her skal du få litt gulrot, seier Silje-Mari Roald Bakken (17) med roleg stemme. Seraja bukkar og gjer andre triks for å imponere. Valderøyjenta fekk den no tretten år gamle varmblodshesten til konfirmasjonsgåve. Sidan har dei halde saman.

– Her er eit tilbod for alle, og ein fin klubb å utvikle seg i, meiner ho. Sjølv satsar ho ikkje på konkurransar, slik fleire i klubben gjer. Ho trivst best når ho får drive dressur. Og ta med Seraja på ridetur på den flotte sandstranda like ved. Eller bak Molnes-fjellet. Klubben har lenge arbeidd med å få på plass ein ridehall, slik at det vert betre forhold til å drive hestesport året rundt.

– Å ha hest er meir som ein livsstil. Det krev mykje av deg, du vert aldri utlært og du får ein fantastisk venn på kjøpet. Hestar er fantastiske dyr, som eg aldri vert lei av, fortel Silje-Mari. Sjølv å spa møk gjer ho utan å mukke. Ho er ikkje av den fisefine typen. Silje-Mari smiler over Seraja, som nærmar seg forsiktig med den varme mulen sin og snuser på notatblokka til bladfyken. Vurderer om pennen kan vere etande. Før ho trekkjer seg unna igjen med eit snøft.

Skating

To unge karar på 11 år testar ut rullebrettrampen ved Valderøy ungdomsskule. Det er ikkje store skateanlegget, men nok til å finpusse teknikken.

– Eg skal til hytta i Tomrefjorden i påska. Når det er mykje snø, bruker vi å byggje snøhytte og renne på ski ned frå hyttetaket, fortel Runar Johan Wiik. Kompisen Simen Rørvik har ingen store påskeplanar.

– Det spørs om det blir regn. Då bruker eg å kjede meg.

– Du kan no alltid trene på skateboard i garasjen då. Det går an, foreslår Runar Johan. Og dermed var det fritidsproblemet løyst på eit blunk.

Påskeglede

Sjølv om det kan sjå ut som om nordmenn går på ein einaste lang diett av appelsinar og påskelam heile den gule veka gjennom, er det eit stykke frå sanninga. For å få eit fullverdig påskekosthald, må ein spe på med smågodt også. Hos Europris i Breivika er det full kamp om godteskeiene. Her skal påskeegg fyllast til randen.

I skråninga utanfor butikken, møter vi på to gutar. Den eine poserer, medan den andre dirigerer og fotograferer. –

Vi gadd ikkje å sitje i bilen, så vi tok med kameraet ut, fortel Håvard Skar Hurlen (10) frå Vestnes. Han har fått eit kvalitetskamera i gåve. Noko han er ganske stolt over. Han viser fram nokre foto. Spesielt eitt motiv av Alnes-båra merkar seg ut. Kan hende er det ein framtidig fotograf vi har framfor oss?

Håvard Skar Hurlen (10) fotograferer veslebror Eirik Skar Hurlen (8), medan mor er inne og handlar i Breivika. Han tenkjer å bruke delar av påska til å teste ut kameraet endå meir. Foto: Nils Harald Ånstad
Fra høyre: Simen Rørvik og Runar Johan Wiik. Foto: Nils Harald Ånstad