- Når det likevel skal byggjast skitrekk til hoppbakken, kan ein like godt doble lengda og få eit skitrekk som også kan brukast av andre enn skihopparane, meiner Tor Åge Berglid, som har teke initiativ til skitrekkplanane.Det er laga rapport og økonomisk kalkyle for skåltrekk på om lag 900 meter lengde og 250 høgdemeter.

Har snø

Analysen som Berglid har fått utarbeidd, viser at anlegget vil ha ein kostnad på seks millionar kroner.Rapporten viser også at det er kvalitetar og marknadsgrunnlag for eit slikt trekk i området. Dette skuldast at det allereie er infrastruktur på plass i anlegget. Dessutan er området snøsikkert.-Vi har klart oss utan kunstnø til no, medan andre anlegg slit sjølv med kunstsnø, seier Berglid.

30 millionar

Alpinplanane i området er ikkje nye. Det var faktisk planar for alpinanlegg det heile starta med, før ein bygde hoppbakkar. Sidan den gong er det lagt ned 30 millionar kroner i ei stegvis utbygging av anlegget.

Bjørkelibakkane på Fjelli i Stryn er fylkesanlegg for hopp i Sogn og Fjordane. Her er det også langrennsløype og utgangspunkt for toppturar i fjella på Nordsida, nord for Nordfjorden. Og det er ikkje minst lagt til rette for aktivt friluftsliv ved Nordfjord fritidssenter.

I 90-metersbakken er det arrangert både NM og junior-VM og to gonger World Cup i kominert. Men anlegget er 20 år og treng rehabilitering. Med utviklingsplanane vil Berglid  setje folk i modus for utvikling. - Dette er Sogn og Fjordane sitt Holmenkollen. No er det generasjonskifte, og vi som kjem etter må forvalte investeringane som er gjort på ein slik måte at anlegget er berekraftig. Vi må utnytte ressursane som ligg der, seier Berglid og legg til at den nye generasjonen må finne ut korleis anlegget skal vidareutviklast for dei neste 20 åra.

Berekraftig

Berglid er klar over at det er dei som meiner det er nok skitrekk i regionen, men når det no likevel skal byggjast trekk for hopparane, meiner han ein må utnytte potensialet til noko større.

-  Vi må lage noko som er berekraftig. Det er like dyrt å drive eit lite trekk som ikkje går, som å drive eit skikkeleg som går bra, meiner han.Og han er overtydd om at når ein klarer å drifte eit hoppanlegg, skal ein også klare eit skitrekk som vil få større omsetning.

Vidareutvikling

Berglid ser ikkje føre seg at trekket blir ein konkurrent til andre trekk i området, men det blir ei vidareutvikling av det ein allereie har i anlegget på Fjelli. Han understrekar at ein er heilt i startgropa. Anlegget er enno ikkje finansiert, men startkapital til å danne juridisk selskap og arbeide fram konseptet er på plass.

- Arbeidet er kome like langt som planane for Sleipner/Hoven. Det er ikkje kome opp noko der heller enno, smiler Berglid som synest gondolbane-planane i Loen er spennande og helsar dei velkomne. Han meiner at trafikk avlar trafikk.

Fjelløp

Stryn er ein av dei store hyttekommunane på Nordvestlandet, og i området rundt Nordfjord fritidssenter er det regulert areal for rundt 100 hytter.Området er kjent for å vere snøsikkert, men ein kan ikkje vite sikkert korleis det blir i framtida.

- Viss det er slik at snøen forsvinn frå område som vanlegvis har snø i dag, så er vi av dei som vil ha snø, trur Berglid og viser til enno snødekte fjellområde over Nordfjorden, trass i snøfattig vinter.

Langfredag er det klart for fjellskirennet Nakkjen ned, frå fjellet Bergsetnakken. Det er i år flytta til ny løype på grunn av lite snø i den tradisjonelle løypa, men det er likevel rikeleg med snø andre stader i området.

Møte fredag

Planane om skitrekk blir nærare presentert på eit informasjonsmøte ved Nordfjord fritidssenter fredag. Neste steg i arbeidet med skitrekkplanane blir skipingsmøte der alle blir invitert til deltaking. Før den tid ønskjer Berglid innspel, deltaking og engasjement/ideat frå kvar enkelt.

Saman med Stryn Næringshage og designbyrået Farmhouse vil det bli jobba fram ein strategi og profilering av dagens tilbod og dei framtidige tilboda.

Her i dette området under Bergsetnakkjen kan det kome eit skitrekk på 900 meter, i kombinasjon med hoppbakkane (nede til høgre på bildet). Bildet blei teke i vinterferien, då mange skianlegg i området var stengde på grunn av snømangel. Foto: Tor Åge Berglid