Anna (100) og Anna (100) har vore venninner i meir enn åtti år. Torsdag feira dei felles bursdag, skriv Møre-Nytt.

Dei to kvinnene feira bursdagen på Sagafjord Hotell på Sæbø.

Anna Wille kjem opphavleg frå Ørsta, og gifta seg i si tid med Odd Wille, bror til Anna Sørlie. Sidan har Anna og Anna vore gode venninner og svigerinner – eit venskap som no har vart i meir enn åtti år, skriv Møre-Nytt.

Begge vart fødde i 1914. Sørlie 11. februar, Ville 17. april.

Sjå videoen frå Møre-Nytt i toppen av saka.

Les heile saka her.