Nokre trassar halvgode verforhold og magelfulle snøforhold - og går til fjells i påska nesten uansett. Men det finst absolutt alternativ når forholda er slik - gode alternativ.

Familien Ryste i Hovdebygda valde fjøresteinane og sjøen laurdag, og fekk full utteljing:

- Sjå her, inviterer Einar Halse Ryste (5) raust, og viser oss innhaldet i den påskegule bøtta si.

Botnen er dekt av botndyr, eller rettare, sniglar og skjell og skapnader som lever i sona mellom flod og fjøre - mellom sjø og luft.

Påsketorsken

Ein skapnad som absolutt ikkje overlever i luft, er den om lag fire kilos pene torsken som bestefar Kolbein Ryste og to barnebarn hala opp i den vesle raude plastjolla. Ein påsketorsk? I alle fall norsk, teken i smuttholet godt innanfor hundremetersgrensa ut frå land...

- Ja, og det vart med denne eine. Etterpå vasa sena på snella seg så gale at vi måtte til lands for oppgreiding, syner Ryste, og overlet jolla til neste fiskarpulje på fjorden.

Sensurert rekord

Men etter alt å døme er det minst like spennande i fjøra, som på Ørstafjorden. Rystefjøra, det vesle som er att av ho nedan for tre autentiske naust, og klemt inne mellom to industriområdeutfyllingar i sjøen.

Ei ypparleg fjøre for kastenot i tidlegare tider.

- Her vart det landa både sild og makrell. Og blankfisk, for ikkje å snakke om! Vil du vite rekorden med pjakk på eitt kast, spør Kolbein Ryste. Det vil vi, men vi vil helst ikkje setje det på trykk..

Ekte påskelam

Einar klappar påsketorsken på ryggen der han ligg i flomålet, femåringen utforskar nyfiken og grundig detaljane på denne klassiske matfisken. Søstera Dagny (10) fiskar opp to mikrokrabbar, som held show på handflata hennar. Ho har også kontroll på ei tanglus eller tangloppe? I alle fall eit rekeliknande vesen som akar seg sidelengs over handflata med imponerande fart.

Jau, her yrer det av liv. Biologitimen er eit levande faktum. Før familien trekkjer til lands og opp til fjøsen. Der vart det fødd fleire lam i dag - på påskeafta. Ekte påskelam.