Tysdag startar rettssaka Sogn tingrett mot den 55 år gamle bussjåføren som køyrde den svenske turistbussen, som kolliderte med ein lokal rutebuss vest for Sogndal, ifølge NRK Sogn og Fjordane.

Ei 24 år gamal kvinne frå Ålesund og ei taiwansk kvinne mista livet i ulukka, og to andre passasjerar vart alvorleg skadde. Sjåføren av turistbussen risikerer tre års fengsel for aktlaust drap etter ulukka.

Følg smp.no på Facebook

Plassering i vegbana

Aktor Anette Stegegjerde Norberg meiner sjåføren har hatt blikket vekke frå vegen lenge nok til at bussen kom over på feil side av vegen.

Forklaringa til taiwanske og spanske passasjerar som er teken opp kan verte avgjerande i rettssaka. Forklaringane til desse har vorte gjort i såkalla rettsleg avhøyr, og kan difor leggjast til grunn for dommen.

Tekniske undersøkingar

Det er sett av fire dagar til rettssaka og mykje av tida vil gå til gjennomgang av dei tekniske undersøkingane. Politiet meiner avhøyr og desse undersøkingane vil vise at bussen låg for langt inn i vegen, og difor er hovudårsaka til at ulukka skjedde.