– Det har vore ein overveldande respons. Ja, det er heilt fantastisk, seier ein strålande nøgd Martin Sundland i Fantefilm fiksjon AS.

Han er produsent for katastrofefilmen som har Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp i hovudrollene.

Filmen fortel kva som kan skje om fjellet ved Åkernesremna rasar ut og lagar ei flodbølgje.

Hvaskjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Treng fleire

– At 170 seier at dei vil vere med er noko som gjer oss svært glade. Og vi vil gjerne ha endå fleire vaksne over 30 år som statistar, slike som disponerer eigen bil, legg Sundland til.

Han trur at statistane kan sjå fram til nokre spanande dagar med filminnspeling. Ja, det er faktisk snakk om ein av dei aller største filmproduksjonane i Norge.

– Filminnspelinga tek til på Sunnmøre 6. mai. Dei fire dagane statistane skal i aksjon er 9. og 12. mai i Geiranger, og 20. og 21. mai på Leknes, fortel Martin Sundland.

Romania

Etter at filmteamet er ferdige i Stranda og Ørsta i slutten av mai, går ferda vidare til Romania. Der skal alle studioscenene spelast inn, mellom anna i store vasstankar. Filmen får premiere i 2015.

Regissør for «Bølgen» er Roar Uthaug. Dette blir hans fjerde film. Tidlegare har han regissert «Fritt vilt», «Flukt» og «Julenatt i Blåfjell».

Instituttet har gjeve Fantefilm eit tilskot på 16 millionar til å lage denne filmen. Totalbudsjettet for «Bølgen» er på 51 millionar kroner.

Reagerer

Ikkje alle synest det er rett at denne filmen blir laga:

– Ein slik film er direkte respektlaus, uanstendig, nedverdigande og eit skikkeleg hån mot folk som bur og lever i fjordbygdene, skriv Elin Stokke Hanken frå Hellesylt i eit lesarbrev i lokalavisa Sunnmøringen.

– Eg har ikkje behov for å sjå bygda eg har vakse opp i og er glad i bli utradert. Eg oppfordrar alle fjordafolk til å boikotte filmen når den kjem på kino, legg ho til.

Martin Sundland (bildet) og Are Heidenstrøm er produsentar for katastrofefilmen «Bølgen».