Ørsta Høgreønskjer nå å prioritere kryssing av Ørsta-fjorden og Volda-tunellen saman medei midtre linje gjennom Nordfjord med trasé gjennom Stigedalen og med kryssingav Voldsfjorden. Dei meiner at dette vil gi ei god og framtidsretta løysningfor Ørsta/Volda-området, med kommunikasjon mot sør vi Eid og mot aust via Stryn,etter at Hafast nå er valt som trasé for ein framtidig E39.

– Når valget til regjeringa falt på Hafast vart terrenget for stamvegnettet tegna på nytt. Da må vi orientere oss på nytt og fortsette å kjempe for det som er best for vår region. Når korta vart delt ut slik dei vart er dette den beste løsninga for oss, seier Rune Hovde, ordførar i Ørsta.

Brev til statsminister og statsråd

I eit brevtil statsminister Erna Solberg og statsråd Ketil Solvik Olsen skriv Per-ArneSørheim og Rune Hovde, høvesvis leiar og styremedlem i Ørsta Høgre, at dei nåikkje vil bruke meir tid på å kritisere valet som er gjort, men heller retteblikket framover og arbeide vidare for det som er Ørsta og Volda sineinteresser i stamvegsaka.

I brevet ber deipartifellene sine om at dei går for midtre alternativ frå Volda til Sandane nårny trasé gjennom Sogn og Fjordane skal bestemmas. Her bruker dei same argumentasjonsom vart gjort når valet mellom Hafast og Fefast vart tatt.

Da vart detlagt vekt på forventa regional vekst, utvikling og samfunnsnytte. I brevet skrivSørheim og Hovde at det midtre alternativet vil knytte Ørsta og Volda sterkaretil midtre og ytre Nordfjord, og at dette vil føre til eit sterkare regionaltsamarbeid mellom Sunnmøre og Nordfjord.Dette vil styrke og utvide Ørsta/Volda-regionene i framtida, argumenterer dei.

– Den midtre traséen vil knytte Ørsta/Volda-området tettare mot Nordfjord, og vil skape ein framtidsretta region, avsluttar Hovde.